Siger 5-2 i årets siste heimekamp
Sogndal FK Damer – Sandefjord 5-2 (2-1)
2.div kvinner
Fosshaugane Campus
25.10 klokka 11:30
Målscorarar:
1-0 Eli Sofie S. Skjølberg (20.)
2-0 Julie S. Pettersen (22.)
2-1 Filippa H. Ogann (28.)
3-1 Andrea S. Njøs (53.)
4-1 Eli Sofie S. Skjølberg (56.)
5-1 Eli Sofie S. Skjølberg (72.)
5-2 Selma H. Henriksen (94.)
Laget: Maia Øen, Ine Dale (85.), Mia Eriksen, Oselie Henden, Ella Hestetun, Marte Aaberge(57.), Eli Sofie Skjølberg, Mari Heggestad, Alida Kilen(75.), Andrea Njøs(85.), Julie S. Pettersen(85.)
Innbyttarar: Natalie Teigen(85.), Stine Fimreite(57.), Kaja Skrede(85.), Ingeborg Osland, Stine Isaksen(85.), Mia Bakke (75.)
Dommarar: Jakob Sande Søgnen(HD), Theo Opem-Moen(AD), Hasan Khaled Qabalan(AD)
Dagens kamp mot Sandefjord var årets siste heimekamp. Den skulle eigentleg vore spelt 05.oktober, men vart utsett på grunn av ekstremværet Amy.
Det vart ein innhaldsrik dag for fotballglade i Sogndal, med Kiwi Bama Cup i Sognahallen og to seniorkampar på Campus.
Dei frammøtte på tribuna fekk sjå eit disiplinert og framoverretta Sogndalslag. Etter ein relativt jamn start på kampen starta Eli Sofie Skjølberg scoringsballet etter 22. spelte minuttar på kampuret. Det tok berre to minuttar etter første scoring før Julie S. Pettersen banka inn 2-0. Laga gjekk til pause med 2-1. Med to mål til i 2.omgang, noterte Skjølberg seg for eit hatrick. Det siste målet vart scora av Andrea Njøs.
I dag treff vi godt på inngang til kamp og vinner fortjent. Det er godt å få vise kva som bur i oss i sesongens siste heimekamp. No skal vi legge ned ei god treningsveke inn mot siste kamp mot Lyn2 neste søndag seier hovudtrenar Martin Natvik etter kampen
Me takkar Sandefjord, dommarar, Saftkokardn, publikum og dei flinke balljente frå Aurland for kampen! Me takkar også Norway’s Best, dagens kampsponsor, som stilte med ein fantastisk førstepremie til kamplotteriet.