Surt tap i årets siste- 9 mål gav spenning for publikum

Lyn 2 - Sogndal FK Damer 5-4

02.11.25

Kringsjå

 

 Målscorarar

 0-1 Mari Hov Heggestad

 0-2 Julie Slattum Pettersen

1-2 Kajsa Bjerga Pettersen

2-2 Ida Åkerlund Tonstad

3-2 Tuva Ruste Roth

4-2 Matea Berget

5-2 Maiken Johannesen

5-3 Andrea Sælid Njøs

5-4 Julie Slattum Pettersen

 

Laget: Maia Øen, Mia Bakke, Mia Eriksen, Oselie Henden, Ine Dale, Eli Sofie Skjølberg, Mari Heggestad, Alida Kilen, Andrea Njøs, Vilde Mardal, Julie Pettersen 

 

Innbyttarar: Marte Aaberge, Stine Fimreite, Stine Isaksen, Natalie Teigen

 

Siste kamp for sesongen vart spelt på Kringsjå. I ein kamp som starta riktig så bra med 2 mål signert Mari Heggestad og Julie Pettersen, kom Lyn2 tilbake og gav seg ikkje før dei hadde scora 5 mål. Det vart spenning i kampen dei siste 10 minuttane då Andrea Njøs og Julie Pettersen reduserte til 5-4. Sluttspurten kom dessverre litt seint og då endar siste kamp for sesongen med eit forsmedeleg tap mot Lyn2.

 Me takkar alle supersupporterar som hadde teke turen til Kringsjå og håpar at me ser dykk att til kampar i 2026!

Det vart ein rotete og hektisk kamp for oss i dag. Normalt sett skal 4 mål vere nok til å vinne fotballkampar, men tydelegvis ikkje i dag. Lyn 2 er eit ballsikkert lag og i dag vart vi springande litt i mellom og var ikkje gode nok på avstandar i laget, verken offensivt eller defensivt. Vi takkar alle støttespelarar som har fulgt oss i år, det set vi pris på! - Martin

No vert det ei veke velfortent fri for spelarane våre før dei skal trene ein god månad fram mot jul.

Sebastian Kaldestad