Jentefotballhelg 27.-28.september- Siste frist for påmelding
Velkommen til Jentefotballhelg!
Er du trenar, leiar, føresett eller berre oppteken av jenter, fotball og utvikling? Då bør du melde deg på Jentefotballhelga i Sogndal 27.-28. september. Dette er eit GRATIS arrangement!
Tema: Jenter vil meir - lenger!
Det vert eit spennande program med føredragshaldarar som har ulike vinklingar på temaet.
I tillegg skal Sogndal FK Damer spele kamp mot Frigg kl. 13 laurdag, og akademispelarar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn er inviterte til eit eige opplegg denne helga.
Dei som treng overnatting får Jentefotball-prisar når dei henvender seg til Quality Hotel Sogndal. Meir info i påmeldingslenkja over.
Merk også at spelarar/lag jenter 13 år og eldre er også velkomne til å melde seg på det ordinære programmet. Då i følge med ein trenar eller annan vaksenperson. Påmelding i lenkja over.
Påmeldingsfrist er i dag, 10. september.