Vidare i cupen etter siger mot Førde!
Etter ei lang oppkøyring var det endeleg klart for årets fyrste offisielle kamp, og det var Førde som venta i den fyrste runden av NM 2026. Etter ein fyrsteomgang der spenninga framleis var til stades, kom skilnaden på laga tydeleg fram etter pause, og jentene gjorde jobben på ein god måte. Det enda 0-5 i Hafstadparken.
Det var våre jenter som byrja kampen best og tok kontroll over spelet i regnværet i Førde. Utan at det klaffa heilt kom ein til fleire innlegg og halvsjansar som kunne vore utnytta betre. I motsett ende fekk Førde nokre kontringar, utan at keeper Konstanse Henden vart satt på nokre store prøvar. Etter 21 minutt spelt kom det fyrste målet i kampen, og det var Vilde Tufte Mardal som scora fyrst nok ein gong. Frå kanten av 16 meteren la ho inn med venstrefoten, og ballen gjekk i ein perfekt boge over keeper og i mål til 0-1. Det var også stillinga til pause.
Vilde Tufte Mardal scora både 0-1 og 0-2 Foto: Martin Salbu
Etter pausen var det eit endå meir direkte og dominerande Sogndallag som kom på bana. Allereie etter 50 minutt gjorde Andrea Sælid Njøs eit fantastisk forarbeid til 0-2. Etter dødball for Førde vart ho sendt igjennom på ei kontring og dribla seg forbi forsvararen sin. Deretter la ho eit perfekt innlegg mot bakre stolpe, og Vilde Tufte Mardal fekk ei enkel oppgåve med å sette inn sitt andre mål for kvelden!
Eli Sofie Skjølberg banka inn 0-3 mot Førde. Foto: Martin Salbu
Etter 73 minutt spelt var det Eli Sofie Skjølberg sin tur. Julie Slattum Pettersen fekk ballen i boksen, og la igjen ballen. Frå 16 meter banka Skjølberg til og sendte ballen rett i krysset til 0-3. Berre 5 minutt seinare skulle også Andrea Sælid Njøs notere seg for scoring då ho banka inn 0-4 etter vedvarande trykk mot Førdemålet. Vårt siste mål for kvelden var det Stine Marie Isaksen som stod for, då ho kontrollert satte inn 0-5 i det 81. minuttet.
Stine Marie Isaksen scora 0-5 mot Førde. Foto: Martin Salbu
Det vart ei god og profesjonell gjennomføring, og jentene gjorde jobben som skulle til. Keeper Konstanse Henden og forsvaret holdt nullen med god kontroll, og fire spelarar kom på scoringslista framover i bana. Ein fekk også brukt heile troppen og gitt verdifull speletid til mange med kort tid igjen til seriestarten! Me takkar Førde for kampen og ønskjer dei lukke til med sesongen! Ein ekstra takk må rettast til dei supportarane som tok turen til Førde og holdt ut 90 minutt i regn og vind!
To av våre lojale supportarar på plass i Førde! Foto: Martin Salbu