Generalprøve: Sogndal - Fana
Ei lang oppkøyring går mot slutten, og det er klart for årets siste treningskamp! Me møter Fana i generalprøven på Fosshaugane Campus!
Fana spelar i same avdeling som oss i 2. divisjon, og i juni møter me dei på bortebane i seriespelet. Etter opprykket i 2023 har dei vore eit stabilt lag i 2. divisjon, og i fjor vart det ein solid 5. plass i si avdeling. Fana blir ein “vaksen” test, og er eit tøft lag å møte, med god fysikk og direkte spelestil. Det blir ein god test for oss før alvoret byrjar, og det skal kjempast poeng!
Jentene har levert ei tilnerma perfekt oppkøyring så langt, og det har vore mange gode prestasjonar og resultat i heile år. På onsdag vart det også siger i cupen mot Førde, og no er me snart klare for å kjempe om poeng. Til sjuande og sist betyr resultata i treningskampane lite, men det er god sjølvtillit og stemning i gruppa, noko me tek med oss inn i sesongen!
Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn igjen i morgon, og håpar mange tek turen til årets siste test før seriestart. I kiosken er det som vanleg mykje godt, og me håpar på god stemning. Kampen byrjar kl. 14:00, og det ligg an til å bli ein fin dag for fotball!