Full pott i oppkøyringa etter siger mot Fana!

To nye scoringar for Julie Slattum Pettersen! Foto: Martin Salbu

Det enda med ein ny siger i dagens generalprøve mot Fana. Julie Slattum Pettersen sine to scoringar var skilnaden på laga, noko som betyr at me fullfører oppkøyringa med 7/7 sigrar!

Det var lenge ein jamn kamp mellom to lag som kjempa godt i duellspelet. Ingen av dei to keeperane vart sett på dei store prøvane i byrjinga av omgangen, men etter 19 minutt var toppscoraren vår på plass. Frå eigen banehalvdel satte ho på turboen og sprang frå heile Fana-forsvaret. Heilt åleine runda ho keeper og trilla ballen kontrollert i mål til 1-0. I løpet av omgangen hadde også Fana nokre store sjansar, der Marte Aaberge si heroiske sklitakling på streken hindra at bortelaget tok leiinga. Alida Hestetun Kilen si heading i tverrliggaren kunne dobla leiinga, men det stod 1-0 til pause.

I andreomgang var kampbiletet ganske likt, og sjansane var det framleis mange av. Julie Slattum Pettersen kom til avslutning fleire gonger, utan å få ballen forbi keeper. Maria Heggestad var også veldig nær scoring, men ballen stoppa i tverrliggaren, og på returen var Pettersen i offside då ho sette ballen i mål. Heldigvis skapar me mange sjansar, og etter 65 minutt var Julie Slattum Pettersen åleine med keeper igjen. Etter målgivande frå vår eigen keeper, Benedicte Lund Berge, satte ho ballen kontrollert ned i det høgre hjørnet til 2-0. Julie endar altså oppkøyringa med 9 scoringar på 7 kampar, og er klar for seriestarten. Det enda 2-0.

Hovudtrenar Magne Elde var imponert over at jentene klarar å dra i land eit nytt godt resultat, sjølv om me framleis har ting å forbetre inn mot fyrste seriekamp:

Oppkøyringa er no fullført, og jentene har levert mange gode prestasjonar, og ikkje minst flotte resultat. No skal det kjempast om poeng, og då betyr ikkje lenger resultata i treningskampane noko, men det gir god sjølvtillit og fin stemning inn mot seriestarten. Me møter Brann 2 på bortebane, søndag 19. april kl. 13:00, i fyrste seriekamp. Kampen spelast på Nymark, og me håpar sjølvsagt å sjå supportarar i svart og kvitt i Bergen!

Jentene skal no trene frå måndag til onsdag i neste veke, før det blir nokre dagar påskeferie. Me skal lade opp til alvoret byrjar, og gler oss til å endeleg kome i gang med seriespelet 2026!

Stine Gustavsen Fimreite og Alida Hestetun Kilen. Foto: Martin Salbu

Martin Salbu