Studiar på HVL og fotballsatsing i Sogndal FK Damer!
Sogndal er kjent som ein god studiestad med høg trivsel og godt studiemiljø. Saman med den flotte naturen og perfekte fasilitetar på Fosshaugane Campus, er dette den perfekte staden for studentar som ønskjer å satse på fotballen. Kanskje er Høgskulen på Vestlandet noko for deg?
5-minuttssamfunnet
Sogndal er ikkje den største plassen, men med eit kompakt og lite sentrum har ein alt ein skulle ønske seg i gangavstand. Det er kort veg til alt, og ein finn både kjøpesenter med variert utval av butikkar, restaurantar og kafear og kulturhuset i umiddelbar nærleik til kvarandre. Naturen er tett på, og ein kan både nyte grøne område som sentrumsparken, eller ta turen til ein av mange badeplassar langs Sognefjorden. For dei som likar friluftsliv er det også fullt av moglegheiter både på sommar- og vinterstid, og alt ligg samla tett på.
Fosshaugane Campus ligg berre ein kort gåtur frå Sogndal sentrum, og er på mange måtar eit sentrum for aktivitet. Her finn ein ei rekke ulike bedrifter, innovasjons- og forskingsmiljø, Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og fleire idrettsanlegg med høg standard. Som både student og fotballspelar har ein alt ein treng samla på same stad.
Idrettsfasilitetane på Fosshaugane Campus held høgt nivå, og rommar eit breitt spekter. Her finn ein blant anna eit av dei beste klatreanlegga i landet, eit moderne treningssenter med alt du treng for ei aktiv og variert treningsøkt, innandørs fotball- og fleirbrukshallar for aktivitet heile året, friidrettsbane, gamingrom, sandvolleyballbanar og mykje meir.
Fosshaugane Campus og HVL Sogndal frå lufta
Høgskulen på Vestlandet - Sogndal
Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr eit breitt spekter av utdanningar innan alt frå Helse- og sosialvitskap, idrett og folkehelse, ingeniør- og teknologiutdanning, kunst og kultur, lærar og barnehagelærar, maritim utdanning, natur og klima, reiseliv og friluftsliv, samfunn og historie og økonomi og leiing. Utdanningane er alt i frå halvtårsstudium til 5-årige masterstudium, og ein får både heiltids-, deltids- og nettbaserte studium.
Sogndal har perfekte omgjevnader for læring. Ein har kort veg til naturen som klasserom, moderne undervisningsbygg, læringslab med gratis tilgang til alt fra 3D-printer til podkastutstyr og spesialrom for dei ulike utdanningane, blant anna musikkrom, sløydsal og idrettslab, og sjølvsagt eit stort bibliotek.
I Sogndal har ein mange studentorganisasjonar som bidreg til ein sosial og lærerik kvardag. Ein får vere med i eit aktivt studentmiljø og dyrke sine eigne interesser som f.eks. fotball eller friluftsliv. Studentsamfunnet i Sogndal, Lurkalaget, Studentspretten, Sjøspretten, Trivselssentralen og Luftlauget er berre nokre av organisasjonane i Sogndal som bidreg til å gjere studiemiljøet betre. Sogndal er ein god stad å vere student!
Våre studentar - studiar kombinert med fotballsatsing
Fleire av spelarane våre er, og har vore, studentar ved HVL. Kaptein Julie Slattum Pettersen er ein av spelarane i troppen med proffkontrakt, og før nyttår forlenga ho avtalen med to nye år. Ho tek ein bachelor i trening, fysisk aktivitet og helse, og er på siste halvåret av studiet.
- Eg kom til Sogndal fyrst og fremst på grunn av fotballen, og så jobba eg ved sida av det fyrste året. Etter kvart tenkte eg at det var fornuftig å studere litt, og å få ei utdanning. Eg hadde høyrt mykje bra om studentmiljøet her i Sogndal, så då tenkte eg at idrettsstudiet kunne vere noko for meg. Eg blei tatt veldig godt i mot av fine folk, både på og rundt laget, og det var difor eg ønskte å vere i Sogndal lenger. Det har resultert i at eg har vore her i 3,5 år.
Stine Marie Isaksen tek bachelor i økonomi og administrasjon, og er også tilflyttar til Sogndal. Ho valde Sogndal grunna det gode studentmiljøet:
- Eg valde å studere i Sogndal fordi eg hadde høyrt mykje positivt om studentmiljøet. Det verka som ein stad der det er lett å bli kjend med folk, og kor ein både kan trivast fagleg og sosialt. Det beste med å vere student i Sogndal må vere miljøet og alle moglegheitene ein har til å vere aktiv i kvardagen.
Mia Sævig Eriksen har også kombinert livet som student ved HVL med å vere fotballspelar for Sogndal FK Damer. Kombinasjonen av idrettsstudiar og toppsatsing som spelar gjorde valet enkelt:
- Eg valde Sogndal grunna profesjonaliteten i klubben, samt det tette samarbeidet eg hadde med klubben før eg valde å flytte hit. Klubben hadde mykje å tilby samt eit idrettsstudium som var noko for meg. Samtidig har Sogndal nydelege treningsfasilitetar, både på Campus og Sognehallen, og du møter ein fantastisk gjeng rundt laget og i klubben. Dette gjorde valet enkelt.
Me er veldig stolte over fasilitetane på Fosshaugane Campus og eit idrettsanlegg som er heilt på høgde med det beste norsk fotball kan tilby. Ein har alt ein kunne tenke seg samla på same stad, og føresetnadane for å bli best mogleg er absolutt til stades. Dette er også noko jentene nemner som eit stort pluss ved å spele fotball i Sogndal.
- Det kjennest bortskjemt ut å ha dei fasilitetane me har her på Campus! Det er vel ingen damelag på noko nivå i Norge som har betre og like lett tilgjengelige fasilitetar som oss. Det er ikkje noko å legge skjul på at det er veldig deilig å trene inne i hallen om vinteren, når andre trenar ute i mange minus. Det er også veldig godt at alt er 5-7 minutter frå der eg bur! Fotballen, idrettssenteret og skulen er i same bygg, som legg veldig til rette for å profesjonalisere fotballkvardagen for eit ungt og godt 2. divisjonslag, fortel Julie Slattum Pettersen.
Det er viktig for oss å samarbeide godt med Høgskulen for å legge best mogleg til rette, og erfaringane til spelarane er at kombinasjonen mellom studiar og fotball har ein god balanse.
- Eg synst det er ein veldig fin balanse å kombinere fotball med studiar. Om eg har hatt ein lang skuledag, er det veldig godt å kome på feltet og få tankane vekk frå skulearbeidet. I eksamensperiodar kan det vere litt hektisk å kombinere, men så langt har det fungert bra og eg håpar det fortsetter slik, fortel Stine Marie Isaksen.
Både Mia Sævig Eriksen og Julie Slattum Pettersen har også gode erfaringar frå å kombinere idrettsstudiar med fotballen:
- Sidan eg gjekk idrett, trening og helse, hadde eg spesielt interesserte lærarar som fulgte med på fotballen, og hadde eit ekstra fokus på fotball og trening. Det har aldri vore noko problem med undervisninga, og Høgskulen har eit tett samarbeid med klubben som gjer det enkelt med treningsleir osv. Dette gjorde det enkelt for meg som utøvar og student å tilpasse treningskvardagen, og kampdagane med skulen. I tillegg er Campus Sogndal sett saman av både Høgskulen, Fosshaugane og Sognahallen. Dette betyr korte avstandar mellom skule og trening, og gjorde kvardagen som student mykje enklare, fortel Eriksen.
- Eg synst det går veldig fint å kombinere studiar og fotball! Det er varierende kor mykje oppmøte me har i ei veke, og me er alltid ferdig i god tid før treningane byrjar. I tillegg har eg vore veldig heldig og fått god hjelp og tilrettelegging frå emneansvarleg osv. så både praksisar og anna obligatorisk har kome overeins med treningsleir og lange borteturar, fortel Slattum Pettersen.
Søknadsfristen til høgare utdanning er 15. april, og me håpar å sjå akkurat deg i Sogndal!
Les meir på studietilbodet på hvl.no!