Velkommen, Luna Flo!

Luna Flo i treningskampen mot Raufoss. Foto: Martin Salbu

Luna Flo, f. 23. juni 2009, er klar for Sogndal FK Damer! Me har allereie blitt godt kjend med ho som hospitant, og er glade for at ho no melder overgang frå moderklubben Sogndal Fotball.

- Eg synst det er veldig spennande og eg gler meg veldig til å vera med Sogndal FK Damer vidare. Eg er veldig glad for at eg har fått moglegheita til å vera med og håpar det blir kjekt!

Luna er ein rask og driblesterk spelar med god venstrefot. Ho trivst best ute på kanten, men kan også bekle ei spissrolle med sine offensive ferdigheiter. Gjennom vinteren har Luna vore med som hospitant og vore ein fast del av treningsgruppa. I tillegg har ho vore med i treningskampane, og gjort sakene sine godt. I treningskampen mot AaFK2 markerte ho seg med eit godt innhopp og ein flott assist til Vilde Tufte Mardal si 3-0-scoring.

Luna kjem, som namnet tilseier, frå ein ganske så kjend fotballfamilie. Flo-slekta har levert mange gode fotballspelarar til både den nasjonale og internasjonale scena, og pappa Tore André Flo er absolutt ein av dei. Bror Elias Flo er for tida blant dei unge og lovande i troppen til Sogndal Fotball, og uttrykket “Det er alltid ein Flo i Sogndal” står framleis sterkt. Det er samtidig viktig å hugse på at Luna er ung og skal få god tid til å utvikle seg hjå oss. Hovudtrenar Magne Elde seier følgjande om det siste tilskotet til troppen:

- Luna er ein spennande kant/spiss med ein farleg venstrefot som sin største x-faktor. Ho er ein spelar med gode ferdigheiter, og kan passere spelarar 1 mot 1 og skape farlegheiter med sin giftige venstrefot. Gjennom vinteren har Luna jobba godt og vist ein stor vilje og lyst til å utvikle seg som spelar. Vi gler oss å utvikle Luna  vidare og har trua på at ho kan ta store steg hos oss og blir ein god spelar i framtida, fortel hovudtrenar Magne Elde.

Luna Flo er klar for Sogndal FK Damer! Foto: Martin Salbu

Luna sjølv ser fram til å vere ein del av Sogndal FK Damer den kommande sesongen:

- Malsettinga mi er få så mykje speletid med Sogndal FK som mogleg. Det hadde vore kjekt å få scora nokre mål også, men først og fremst er målsettinga mi å utvikle meg mest mogleg og ha det kjekt med fotballen! I tillegg håpar eg sjølvsagt at Sogndal FK Damer får ein kjempegod sesong!

Me ønskjer Luna velkommen til Sogndal FK Damer, og gler oss til å sjå meir av ho i åra som kjem!

Martin Salbu