Velkommen til Sogndal FK Damer, Anna Palm!
Alle foto: Petter Alexandersen
Foto: Petter Alexandersen
Anna Palm, f.1999, er klar for Sogndal FK Damer frå januar 2026.
Anna kjem frå Lyn, der ho i år har spelt 29 kampar totalt i toppserie og NM. I tillegg til å signere kontrakt som spelar vil ho gå inn i støtteapparatet og fungere som spelarutviklar.
Dagleg- og sportsleg leiar, Sebastian Kaldestad, er glad for at Palm er klar for å halde fram karriera si i Sogndal;
«Med si lange erfaring som toppspelar, påbyrja trenarutdanning og sin bakgrunn som lærar vil ho komme inn å bidra til at me tek nye steg, både på og utanfor bana. Ein klubbspelar med desse referansane, skal ein leite lenge etter. Med sine 10 sesongar i Lyn, representerer ho ein lojalitet og ein type spelarar me etter kvart ønskjer å utvikle fleire av her i Sogndal.
Anna sjølv seier:
Foto: Petter Alexandersen
«Jeg har valgt å forsette karrieren min i Sogndal fordi det er en tradisjonsrik klubb med verdier og ambisjoner som jeg vil være en del av.
I Sogndal ønsker jeg å utvikle meg videre både som spiller og trener. Jeg har troa på prosjektet klubben har på gang, og at vi er et lag som er på vei opp og fram.
Kjæresten min, som er fra Sogndal, har vært tydelig på at Sogndal er det fineste stedet å bo i Norge. Dette ser jeg fram til å oppleve.
Jeg gleder meg til å spille fotball for Sogndal fra nyåret og å være med på å utvikle lokale spillere.»
Velkommen til oss!
Me gledar oss til å få Anna med på laget, både som spelar og spelarutviklar. Ho er ei klubblegende i Lyn, sjølv om ho berre er 26 år. Ho har spelt 10 sesongar i klubben og har 187 kampar for hovudstadslaget. No ventar nye eventyr, saman med sambuaren, her i Sogndal.
Du kan bli litt betre kjend med Anna sin bakgrunn i denne saka, som Lyn Fotball Damer la ut i førre veke:
https://lyndamer.no/nyheter/en-legende-takker-for-seg
Intervju og fleire bileter vil publiserast på SoMe, og heilt sikkert på Hallo Sogn, når Anna er på plass.
Me ønskjer både Anna og sambuar velkomne til Saftbygda i 2026!