Er du vår nye hovudtrenar?
Hovudtrenar – Sogndal FK Damer
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert hovudtrenar i inntil 100% stilling. Du vil få ei sentral rolle i å vidareutvikle eit ambisiøst lag og ein klubb prega av fellesskap, profesjonalitet og stoltheit.
Sogndal FK Damer er ein veldriven klubb som har etablert seg i 2. divisjon kvinner og har ambisjonar om å spele på høgare nivå. Sidan skiping i 2021 er det bygd eit solid fundament for utvikling og vidare satsing med base på Campus Sogndal. Her har me vår base i moderne fasilitetar saman med gode samarbeidspartnarar som bl.a. Sogndal Fotball, NFF Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Spenst/idrettssenteret og Sogndal VGS.
Våre kjerneverdiar – raoe, rause og stolte – ligg til grunn for alt me gjer. Me er raoe i måten vi tenkjer og utviklar oss på, rause i møte med kvarandre og omverda, og stolte av identiteten vår, historia vår, jobben vi legg ned for damefotballen i regionen og alle som representerer klubben.
Me søkjer no ein hovudtrenar til vårt a-lag som kjenner seg igjen i desse verdiane og som har eit oppriktig ønskje om å implementere dei i sitt daglege arbeid – både på feltet, i garderoben og i møte med omverda.
Me ser etter ein kandidat som har følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
God relasjonskompetanse og evne til å sjå individet, samstundes som du er god til å bygge lag
Er tydeleg og har gode kommunikasjonsferdigheiter
Evne til å representere klubben med entusiasme og ein synleg profil
Eitt breitt og relevant nettverk
Eit sterkt ønske om å vidareutvikle deg som trenar. Du har gjerne UEFA A-lisens eller ambisjon om å ta den
Me tilbyr
Inntil 100% stilling i ein veldriven klubb i utvikling
Eit engasjert miljø med eit arbeidande styre, dedikerte trenarar og mange dyktige frivillige
Gode arbeidsvilkår med topp moderne fasilitetar i ei tradisjonsrik fotballbygd
Moglegheit til å jobbe med ei ivrig og talentfull spelargruppe
Lønn etter avtale
Søknad og CV, og eventuelle spørsmål om stillinga, sendast dagleg- og sportsleg leiar, Sebastian Kaldestad: sk@sogndalfk-damer.no
Søknadsfrist 26.november