Magne Elde er vår nye hovudtrenar, velkommen!

Foto: Martin Salbu

Magne Elde er vår nye hovudtrenar

Magne Elde er eit kjend fotballnamn i regionen. Han har no skrive under ei 2 års kontrakt med Sogndal FK Damer. Elde har brei erfaring og starta trenargjerninga si på 90-talet i Bremanger IL, der han også kjem frå. Han har siste 20 åra jobba 100% i fotballen, både i krets og klubb. Her han primært vore trenar, men har også hatt ulike leiarverv i Bremanger, Sogn og Fjordane Fotballkrets, Måløy, Fortuna Ålesund, Blindheim og siste året i Hødd Fotball, der han har vore utviklingsleiar.

 

Dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad, seier klubben er veldig godt nøgd med tilsetjinga av Magne. Han er ein erfaren trenar som kjenner fylket godt, han har a-lisens, er ein gjennomførar og er klar og tydleg på feltet. Han har også veldig relevant trenarerfaring frå tida i FK Fortuna Ålesund / AaFK Fortuna i 2.divisjon og i 1.divisjon over 7 sesongar.

 

Magne sjølv seier:

Foto: Martin Salbu

Eg har trivast utruleg godt i Hødd Fotball i 2025, men når denne moglegheita i Sogndal FK Damer kom opp, så kjende eg at denne sjansen kunne eg ikkje la gå frå meg.

Å vere hovudtrenar i Sogndal FK Damer er ein av dei mest spennande og interessante trenarjobbane i vårt område og det er med stor lyst, iver og glede eg no ser fram til å starte jobben med å levere for klubben dei neste åra.

Det har vore jobba godt og bygd ei godt grunnlag i klubben i fleire år no, så det blir særs gjevande å vere med i prosessen for å sjå om vi kan løfte dette vidare framover.  Damefotballen er i enorm utvikling i forhold til profesjonalisering og at alle dei store klubbande i Norge no satsar tøft. Her er det viktig at fotballfylke Sogn og Fjordane er med på kartet framover.

Tankane, verdiane og ambisjonane til klubben tiltalar meg og eg gledar meg til å bli kjend med spelargruppa og alle dei dyktige folka i og rundt klubben. La 2026 komme!

 

Me gler oss til å få Magne med på laget og ser fram til eit nytt og spanande fotballår!

Sebastian Kaldestad