Me ønskjer Martin Salbu velkommen med på laget!

Foto: Andrea Salbu

Velkommen til Sogndal FK Damer!

Me er glade for å få med oss Martin Salbu på laget inn i ny sesong. Han kjem inn i ei nyoppretta stilling i klubben, som Klubb- og kommunikasjonskoordinator. I den stillinga vert han ein nøkkelperson for innhaldsproduksjon, kommunikasjon, profilering og ein praktisk ressurs som bind saman og koordinerer arbeid inn mot spelargruppe, styre, andre frivillige og administrasjonen.

Foto: Elin Hæreid

Martin kjem frå arbeid i Sogndal Fotball som medieansvarleg. Der har han vore fulltidstilsett dei siste to åra, men byrja allereie i 2022 i mindre engasjement samstundes som han studerte. Med utgåande kontrakt og ønskje om nye utfordringar er me glade for at Martin har valt å bli med oss på laget, i ei 50% stilling. Dette er viktig for oss for å oppretthalde vår profil og halde fram med å bygge merkevare og vere gode på kommunikasjon seier dagleg leiar Sebastian Kaldestad. Me har jobba godt med profilering sidan oppstart, men mykje har vore tufta på dugnad. Dette skal me halde fram med, men me er kome til eit punkt der det er behov for endå meir systematikk og koordinering i dette arbeidet.          

 

Martin har sidan oppstart av Sogndal FK Damer vore eit kjend fjes for alle rundt klubben, både som supporter og fantastiske bidrag på fritida med fotografering og ikkje minst på arbeid knytt til fellesprosjekt mellom klubbane.

 

Martin sjølv seier:

Eg er takksam for moglegheita, og glad for å bli ein del av Sogndal FK Damer. Klubben består av mange flotte folk, og eg kjenner på varme, glede og eit stort engasjement rundt laget. Sogndal FK Damer er på veg opp og fram, og eg har stor tru på retninga klubben er på veg. Ein viser tydeleg at ein er villig til å satse for å styrke heile klubben, og å ta det neste steget. Eg håpar at mine erfaringar og eigenskapar kan vere eit fint tilskot til klubben, og at ein saman kan løfte fram jentefotballen i regionen. Det ser veldig spennande ut før ein ny sesong, og eg gler meg masse til å kome i gang!

 

Velkommen til oss!

Foto: Stig Høynes

Sebastian Kaldestad