Velkommen Natalie!

Frå Kaupanger til Sogndal FK

Natalie N. Teigen, f. 2008, er klar for Sogndal FK Damer. Ho kjem frå Kaupanger der ho har spelt aldersbestemt fotball. Dei siste åra har ho hospitert regelmessig med oss i trening og kombinert dette med spel i guteserien for Kaupanger. Ho har vore ein del av toppidrett fotball på idrettslinja på Sogndal VGS og tek no til på 2. skuleåret her.  

Natalie har vore tolmodig og jobba hardt kvar einaste trening, noko som gir resultat. Det er alltid stas når ei lokal jente signerer for klubben. Hjarteleg velkomen til oss!

 

Me takkar Kaupanger IL for god tilrettelegging og godt samarbeid!

Sebastian Kaldestad