Siger 3-1 mot LSK Kvinner 2

Sogndal FK Damer 3-1-LSK Kvinner 2

2.divisjon

Fosshaugane Campus

 

Mål:

1-0 Anna Grindhaug (16.min)

2-0 Anna Grindhaug (29.min)

2-1 Nathalie Høgi (54.min)

3-1 Mia Eriksen (84.min)


Laget: Maia Øen, Ine Dale(87.), Mia Eriksen, Oselie Henden, Ella Hestetun, Marte Aaberge(58.), Mari Heggestad, Andrea Njøs(87.), Vilde Mardal, Anna Grindhaug, Vårin Ness(65.)

Innbyttarar: Natalie Teigen(87.-debut), Stine Fimreite(65.), Eli Sofie Skjølberg (58.), Kaja Skrede(87.)

Fem i «tverra» i første

Med flotte rammer på eit solbada Fosshaugane Campus fekk publikum servert ein heseblesande opning på kampen, og det tok knappe 20 sekunder før ballen small i tverrligger etter eit skot frå Anna Grindhaug. Dette gjentok Grindhaug etter 4 spelte minuttar. Andrea Njøs ville ikkje vere noko dårlegare og noterer seg for to i «tverra» etter 10 og 38 minuttar. Vårin Ness var siste Sogndal FK spelar som treff metallet i 1.omgang.

Utteljing på sjansane vart det etter 16 minuttar, då snappar Anna Grindhaug ballen og passerer ei rekke LSK spelarar og lobbar ballen over keeper som står langt ute. I det 29 .minutt set Anna 2-0 aleine med keeper etter flott spel.

 

Litt nervøs i andre men bra kontroll

Etter 54 minuttar reduserar LSK 2 ved Sogndalsjenta Natalie Høgi. Sjølv om me skaper ein god del store sjansar er LSK 2 meir med i 2.omgang. Etter 84 minuttar vart det endeleg scoring på ein corner. Då sette Mia Eriksen pannebrasken til på ein fin serve frå Anna Grinshaug. Det endar 3-1 på Fosshaugane Campus.

Vi vinn fortent til slutt seier hovudtrenar Martin Natvig etter kampen. Etter ein 1. omgang som kanskje er årsbeste med ball, syns eg vi gjer det litt vanskelig for oss sjølv i 2.omgang. Deilig med 3 poeng, no jobbar vi på inn mot neste kamp.

Me takkar flinke balljenter frå Sogndal J9, motstandarar og dommarar for kampen.

 

Søndag om ei veke skal me til dei djupe skoger for å møte Kongsvinger.

Sebastian Kaldestad