Jentefotballhelg 27.-28.september
Velkommen til Jentefotballhelg!
Er du trenar, leiar, føresett eller berre oppteken av jenter, fotball og utvikling? Då bør du melde deg på Jentefotballhelga i Sogndal 27.-28. september.
Tema: Jenter vil meir - lenger!
Det vert eit spennande program med føredragshaldarar som har ulike vinklingar på temaet. Heile programmet vert publisert før 1. september. I tillegg skal Sogndal FK Damer spele kamp mot Frigg kl. 13 laurdag, og akademispelarar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn er inviterte til eit eige opplegg denne helga.
Dei som treng overnatting får Jentefotball-prisar når dei henvender seg til Quality Hotel Sogndal. Påmeldingsfrist 10. september. I denne lenka finn du både info til påmelding og prisar og framgangsmåte om du skulle trenge overnatting: