Anna til Toppserien

Foto: Martin Salbu

Solgt til Stabæk

Sogndal FK Damer og Stabæk er samde om ein overgang for Anna Grindhaug, f. 2006. Anna spelar for Sogndal FK ut august og blir Stabækspelar frå 01.09.25.

 

Anna har vore med sidan oppstart i Sogndal FK Damer og spelt dei fleste kampane. Ho kom til Kaupanger sesongen 2021 før ho vart med inn i ny satsing i Sogndal i 2022 sesongen. I Sogndal FK drakt har Anna 73 kampar, scora 30 mål og gjort seg fortjent både til utviklingspris og årets spelarpris. I fjor noterte ho seg for til saman 23 målpoeng og vart lagets toppscorar. Ho vart også kåra til årets unge spelar i 2.divisjon. Slik blir lagt merke til, og har ført til stor interesse for Hafslojenta.    

 

Anna skal etter planen spele 3 kampar og kanskje score nokre mål til no i august før turen går vidare til nye utfordringar på austlandet. Kampen mot LSK 2 komande søndag kl.15:00 blir siste heimekampen i denne omgang for den offensive midtbanespelaren.   

 

Steg for steg

No er timinga riktig for at Anna skal ta eit nytt steg i fotballkarriera. Neste stopp er Stabæk, der ho skal kjempe om kampminuttar i Toppserien.  Klubben har hatt god dialog med Stabæk over lenger tid og Anna har vore på hospitering der fleire gonger dei siste åra.  

Anna har teke dei riktige stega og vore tolmodig i sitt utviklingsløp her i Sogndal FK Damer. At ho er blitt så god som ho er no er eit resultat av fotballglede og knallhard jobbing over tid frå Anna si side. Så må ein også gi ein honnør til familie, moderklubb Hafslo IL, Kaupanger IL, Landslagskulemodellen og Sogndal VGS for god tilrettelegging. 

 

Takk for no;

Klubben, lagveninner, støtteapparat og frivillige har betydd utruleg mykje for meg, heilt sidan eg kom via Kaupanger i 2021 og til Sogndal FK Damer. Det har vert ei flott reise og det var viktig at Sogndal FK Damer vart stifta og vi fekk ein heilt ny kvardag på Fosshaugane Campus. Fasilitetane, gode trenarar rundt laget og gode lærarar på Sogndal VGS har gitt oss dei beste føresetnadane til utvikle oss på fotballbana.

Det å få moglegheit til å trene og spele kampar på Fosshaugane Campus har vert veldig stort. Og eg gløymer aldri første kamp i Sogndalsdrakta med Saftkokaradn på tribuna!

Tida i klubben har gitt meg fantastiske venninner og ikkje minst minner, som eg tek med meg resten av livet. Alle desse tinga har gitt meg ro på at eg har kunna utvikle meg som fotballspelar og menneske her i Sogndal, og det har gitt meg eit fint grunnlag for at eg er der eg er i dag og for vidare satsing.  

Sjølv om det er trist å skulle reise frå ein klubb og ein plass eg trivst så godt i, så gler eg meg til å ta til på nye utfordringar. Takk for no, så håpar eg at eg ein gong i framtida kan komme tilbake å bidra for Sogndal FK Damer!

– AG

 

Sogndal FK Damer takkar Anna for innsatsen og ønskjer masse lukke til i Stabæk!

RAOE-RAUSE-STOLTE

Sebastian Kaldestad