Ingeborg Romstad Osland klar for Sogndal FK Damer
Velkommen “heim”
Ingeborg Romstad Osland, f..2001, kjem til oss frå Kil/Hemne i 1.divisjon der ho har spelt siste året medan ho har studert i Trondheim. Ho tek no til på masterutdanning på HVL og skal kombinere studiar med fotball i Sogndal. Målvakta er eit kjend fjes for dei som har fulgt damefotballen i Sogn. Ho har gått gradene i aldersbestemt i Kaupanger IL og var involvert på seniornivå der både i 2. og 1.divisjon.
Ho vil no danne eit solid keeperteam saman med Maia Lindesteg Øen og Konstanse Henden, som sluttar seg til treningsgruppa når ho startar på skule i Sogndal i neste veke.
Ingeborg er allereie godt i gong med treningar, men må belage seg på å vente litt med å vere i kamptropp då ho har ein liten skade i skuldra.
Ingeborg sjølv seier:
Eg har sett veldig fram til å komma heim til Sogn og bli del av eit lag med høge ambisjonar. Her ligg alt til rette for at eg kan kombinera studier med å utvikle meg som fotballspelar. Det blir kjekt å spela på Fosshaugane med Saftkokardn i ryggen!
Velkommen til oss i Sogndal FK Damer!