Lykke til vidare!

Takk til Marthe, Andrea og Andrine

Marthe Gjerde Stølen vokta buret for oss i alle vårkampane i år. Ho har vore på lån hos oss frå Førde, der ho kjem til å spele i haustsesongen. Me takkar Førde IL Fotball for lånet og ønskjer både klubb og Marthe lukke til med haustsesongen!

 

Andrea Henjesand har fullført sjukepleieutdanninga si og tek til i jobb i Bergen frå hausten. Ho har vore med oss i fleire periodar, både på Kaupanger og her i Sogndal. Ho stoppar foreløpig på 42 kampar for oss.

 

Andrine O. Endestad har vore med oss sidan i fjor haust. Ho ønskjer no å ta eit steg tilbake frå fotballen og flyttar no heim til Eikefjord.

Me takkar alle saman for ein flott innsats her hos oss og ønskjer lukke til vidare!

Sebastian Kaldestad