Velkommen Konstanse Henden!
Keeper Konstanse Henden, f. 26. mai 2009, er klar for Sogndal FK Damer! Ho har vore ein del av treningsgruppa som hospitant det siste året, og no melder ho overgang frå moderklubben Eid!
Det er veldig kjekt å få bli ein del av Sogndal FK. Det følest stort og godt å ta steget opp fra fjorårets 3. divisjon. Eg vil sjølvsagt savne dei fine lagkameratane mine fra Eid Damelag, men med alle desse kjekke nye lagkameratane vil dette bli bra! Eg gler meg til sesongen!
Konstanse er ein høgreist, uredd og ambisiøs keeper som me har fått bli godt kjend med. I fjor vinter var ho med på treningsleir til Spania, og hospiterte med laget i trening. Hausten 2025 byrja ho på vidaregåande skule her i Sogndal, og planen var då at ho skulle trene i Sogndal, medan ho spelte kampar for Eid. Diverre satte ein skade ein stoppar for dette, men no er ho skadefri og tilbake mellom stengene.
Konstanse Henden og søster Oselie Henden før kampen mot Førde
Konstanse har vore med på treningar i heile år, og i årets fyrste treningskamp mot Førde fekk ho tillit frå start. Dette var debuten for Sogndal FK Damer, og med reint bur vart det ei god oppleving:
Det var veldig kjekt å stå i treningskampen mot Førde. Eg fekk kjenne litt på korleis det var å spele med ein annan taktikk enn før, og eg fekk kjenne på relasjonane i laget ute på bana, fortel ho.
Hovudtrenar Magne Elde fortel at Konstanse blir eit fint tilskot til spelartroppen og keepergruppa:
Konstanse er ein ung og lovande keeper med fint potensiale. Ho blir eit godt tilskot til keepergruppa og me gler oss til å utvikle ho vidare, fortel han.
Me ønskjer Konstanse hjarteleg velkommen som eit fullverdig medlem av spelartroppen, og gler oss til å bli endå betre kjend med ho!