Tusen takk for innsatsen, Maia Lindesteg Øen!

Foto: Stig Høynes / Haugenfotball.no

Maia Lindesteg Øen har vore Sogndal FK Damer sin solide fyrstekeeper heilt sidan oppstarten i 2022. Med 73 kampar i 2. divisjon har ho vore ein erfaren og trygg keeper gjennom desse 4 sesongane. No takkar ho for seg i Sogndal FK Damer.

Maia kjem frå Førde og spelte i barndomsklubben fram til 2021, då ho meldte overgang til Kaupanger. Allereie i den fyrste sesongen starta ho 9 kampar på hausten, og etablerte seg som eit fyrsteval mellom stengene. I overgangen til Sogndal FK Damer vart ho ein naturleg nr. 1, og har vore ein stabil og viktig spelar gjennom nokre viktige år for klubben. Etter ein periode ute på våren i fjor, var ho tilbake i mål på haustsesongen.

Etter 4 år som Sogndalspelar stoppar ho på 69 offisielle kampar for klubben. Innsatsen både på og utanfor bana har vore viktige heilt sidan oppstart. No er ikkje motivasjonen på plass lenger, noko som krevjast på dette nivået, og Maia har bestemt seg for å legge keeperhanskane på hylla.

Fotball har vore ein stor del av livet mitt i nesten 16 år no, så det blir veldig rart og med tungt hjerte at eg no velger å slutte. I løpet av tida mi i Sogndal har eg fått utvikla meg masse, både som fotballspelar men også som menneske. Det har vore nokre fine år med mange fine folk og vi har hatt eit fantastisk lag med både trenarteam og støtteapparat som har vore med å gjort kvardagen til oss spelara så god som mogleg. Eg er evig takknemleg for tida mi i Sogndal og kjem til å savne gjengen. Takk for no, Sogndal!

Tusen takk for den gode innsatsen for Sogndal FK Damer og masse lukke til vidare, Maia!

Martin Salbu