Tusen takk for innsatsen, Kristine Hovland

Foto: Andreas Kristoffer Berge / Kvinneidrett.no

Kristine Hovland har vore ei sentral brikke i Sogndal FK Damer heilt sidan oppstarten i 2022, og i Kaupanger før det. Som ein leiarfigur har ho gått føre som eit godt eksempel både på og utanfor bana, men no er tida i Sogndal over for denne gong.

Å spele for Sogndal FK Damer har vore heilt fantastisk. Det har vore ei lærerik reise, der eg har fått vokse og utvikle meg som fotballspelar, men også som menneske. Det har vore ein stad der eg har kjent på tryggleik, utvikling og tilhøyrsle, og der eg har fått vere meg sjølv 100% – både på og utanfor bana. Klubben har betydd utruleg mykje for meg. Sogndal FK Damer har vore ein arena for utvikling, ikkje berre som fotballspelar, men også som person. Eg har fått oppleve eit inkluderande lagmiljø, dyktige trenarar og ein klubb som verkeleg bryr seg om spelarane sine. Eg har lært utruleg mykje - både på og utanfor bana. Eg sit igjen med mange gode minner, erfaringar og ikkje minst vennskap som eg tek med meg vidare i livet.

Kristine gjekk frå barndomsklubben Vik til Kaupanger tilbake i 2019. I sin fyrste sesong i 1. divisjon fekk ho 8 kampar som ein av dei yngre i troppen, og dei kommande sesongane fram mot skiftet til Sogndal FK Damer fekk ho ei meir markant rolle i midtforsvaret. Allereie i fyrste sesong i svart og kvitt var ho kaptein for eit Sogndal FK Damer som imponerte mot langt meir rutinert motstand. Den fyrste sesongen på Fosshaugadn enda med 2. plass på tabellen, og la grunnlaget for vidare utvikling med omlegging av seriesystemet og tøffare avdelingar.

Eg byrja å hospitere med Kaupanger allereie i 2017 då eg gjekk i 9. klasse. Då eg flytta på vidaregåande til Sogndal i 2019 tok eg steget fullt ut, og meldte overgang frå moderklubben Vik IL til Kaupanger. Den gongen spelte Kaupanger i 1. divisjon. Det var veldig lærerikt og utviklande å få spela på det nest øvste nivået på kvinnesida i norsk fotball. Då me rykka ned til 2. divisjon slutta mange av dei eldre og rutinerte spelarane. Alt vart derfor ganske nytt med både divisjon, lag og trenar. Det å få vera med på overgangen frå Kaupanger til Sogndal har vore veldig spennande. Det har vore ein prosess prega av hardt arbeid, utvikling og eit sterkt samhald. Eg er veldig stolt av å ha vore ein del av den reisa.

Kristine har vore stabil gjennom fleire år, men i fjoråret vart det få minutt på bana. Gjennom fleire år har ho hatt problem med skadar, og i 2025 førte dette til at det berre vart to offisielle kampar. Ho fortel at det har vore utfordrande:

Eg har slite med plantar facitt heilt sidan 2020, noko som tidvis har gitt meg store smerter. Dessutan har eg klart å trene og spele kampar med det, ved å tilpasse belastninga i trening og ellers i kvardagen, samt ulike behandlingar hjå kiropraktor. I løpet av det siste året har det blitt to operasjonar, noko som har sett meg tilbake. Det har vore krevjande, både fysisk og mentalt, men samtidig lærerikt. Det har gitt meg nye perspektiv på fotballen, men òg på livet ellers. Motivasjonen for å komme tilbake på fotballbana har alltid vore der, så det viktigaste eg har lært meg er nok det å vera tolmodig. Å erkjenne at skadar og opptrening tek tid har vore ein viktig, men krevjande del av prosessen. Det er lett å bli utolmodig når ein berre ønskjer å gjere det ein likar aller best; å spele fotball. No håpar eg at operasjonen eg tok i desember 2025 vart siste hinder, og håpar å vera tilbake på bana til våren.

Som Sogndalspelar vart det heile 63 offisielle kampar på 4 sesongar. Då store delar av 2025 vart øydelagt av skadar er det eit imponerande tal med 61 offisielle kampar på dei 3 fyrste sesongane. Kristine har definitiv vore ein viktig spelar på bana, men ho har også vore ein flott rollemodell utanfor bana. Gjennom gode haldningar og verdiar har ho vore ein flott representant for klubben og verdiane ein står for. No ventar eit nytt eventyr i Bergen, og me håpar at Kristine er tilbake på bana om ikkje lenge. Kanskje blir det også retur til Sogndal ein gong i framtida?

I haust flytta eg til Bergen, for å fortsette 4. året på lærarstudiet. Etter 6 år i Sogndal kjente eg meg klar for å prøve noko nytt. No ventar eit nytt kapittel og nye utfordringar der. På grunn av operasjon i desember har eg ikkje returnert til fotballbana enda, men planen er å spele for eit lag i Bergen når eg har fått trent meg opp igjen etter operasjonen. Samtidig vil Sogndal FK Damer alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt. Eg vil aldri seie aldri – kanskje kryssar vegane våre igjen ein dag. Til slutt ønskjer eg å takke lagvenninner, trenarar, støtteapparat, Saftkokaradn, "kveldsdamene" og andre frivillige som har vore med og gjort tiden min i klubben og i Sogndal heilt fantastisk! Takk for tillit, støtte og alle augneblink me har delt i Sogndalsdrakta. Sogndal FK Damer vil alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt. SNP!

Tusen takk for innsatsen og masse lukke til vidare, Kristine! Me håpar å sjå deg tilbake på fotballbana etter skaden, og at det kanskje blir ein retur til Sogndal ein dag!

Martin Salbu