Treningskamp: HamKam - Sogndal
Det er klart for ein ny treningskamp, og i morgon møter me HamKam i Valdres Storhall. Jentene har brukt tida frå førre kamp godt, og me gler oss til å møte eit godt 2. divisjonslag.
HamKam er eit lag me har møtt i seriespelet tidlegare, og det førre møtet med dei kvite og grøne var tilbake i 2024. Eit overlegent HamKam dundra gjennom sesongen og sikra eit overbevisande opprykk til 1. divisjon. 45 poeng på 18 kampar, og berre eitt tap vitna om ein imponerande sesong. Også i dei to møta mot oss var dei best, og det enda 2-1 på Briskeby og 0-4 på Fosshaugadn.
I fjorårets 1. divisjon vart det tungt, og HamKam rykka ned saman med vår divisjonskollega KIL/Hemne. Me møter ikkje HamKam i årets seriespel, då dei spelar i avdeling 2, men det er ingen tvil om at dette blir ein god test mot eit godt lag. I årets fyrste treningskamp spelte HamKam mot Toppserielaget Stabæk, og det vart ein målrik start på året. Laget frå Bærum vann til slutt 7-2.
I vår fyrste treningskamp for sesongen vart det ei god gjennomkøyring mot Førde. Dei siste vekene har jentene jobba godt på treningsfeltet, og no er me klare for å møte motstand frå toppen av 2. divisjon. Etter ein periode med litt sjukdom og småskadar er me glade for at fleire byrjar å bli speleklare, og det er ein slagkraftig tropp som reiser til Valdres i dag, fredag. Hovudtrenar Magne Elde gir oss ein statusrapport før avreise:
Marte Senneset Aaberge har fått prøve seg i ei litt ny rolle til no i oppkøyringa, og som høgre vingback leverte ho både mål og målgivande mot Førde. Høyr kva ho sa før avreise til Valdres:
Me gler oss til kampen, og håpar de vil følgje med anten i Valdres Storhall eller heime. Det blir oppdateringar i våre sosiale medium, og ein kan også følgje fotballstudio med Kent Fimreite og Hallo Sogn Streaming på Youtube!