Ny god prestasjon og sterk siger mot HamKam!

Jentene leverte ein ny god prestasjon mot 2. divisjonslaget HamKam i dag. Scoringar frå 4 ulike målscorarar bidrog til ein flott snuoperasjon, og i andreomgang stod ein i mot presset og kjempa inn ein 4-3-siger.

I fyrsteomgang var det lenge ein jamn kamp, men det var HamKam som skulle ta leiinga etter 23 minutt spelt. Begge lag hadde nokre gode sjansar i forkant av scoringa, og HamKam var nærast med eit skot i tverrliggaren etter 10 min. I andre del av omgangen tok jentene meir og meir over, og skapte fleire gode sjansar som til slutt skulle gi utteljing.

Etter 38 minutt vann Eli Sofie Skjølberg ballen sentralt i bana og trilla vidare til Marte Senneset Aaberge. På fyrste berøring skaut ho med venstrefoten, og ballen gjekk i ein fin boge over keeper og i mål. Allereie 1 minutt etter fekk me sjå den same kombinasjonen som på 2-0 mot Førde. Aaberge sin corner var nok ein gong perfekt slått, og i feltet fekk Mia Sævig Eriksen stanga inn 1-2. Kampen var snudd, og jentene gav seg ikkje.

Etter 43 minutt spelt var det høgt press som skulle sette HamKam ut av spel. Alida Hestetun Kilen storma i press og fekk tuppa ballen inn i boksen. Der venta Vilde Tufte Mardal som var sikker åleine med keeper. 1-0 var snudd til 1-3 på 5 minutt! På overtid av omgangen fekk HamKam straffe og reduserte til 2-3.

Etter pause fortsatte jentene i same spor, og berre 5 minutt inn i omgangen kom det ei ny scoring. Eli Sofie Skjølberg vart holdt igjen og fekk frispark heilt på hjørnet av 16-meteren. Det var det Anna Palm som skulle ta, og ho skrudde ballen inn i rommet framføre keeper. Julie Slattum Pettersen kasta seg inn, men kom for seint, og ballen gjekk direkte i mål istaden. 2-4 etter 50 minutt spelt. HamKam reduserte på nytt etter 56 minutt, men jentene holdt unna resten av kampen og det enda 3-4 i Valdres Storhall.

Hovudtrenar Magne Elde var nøgd med mykje av det han fekk sjå i dag, og spesielt 1. omgang var ein god prestasjon:

Midtbanespelar Mari Hov Heggestad spelte 90 minutt og kjempa godt inne på midten gjennom heile kampen. Høyr kva ho sa etter kampslutt:

No har jentene fått ein vel fortent vinterferie, og så er me tilbake på treningsfeltet neste søndag. Neste treningskamp spelast i Sognahallen mot Fyllingsdalen laurdag 28. februar.

Martin Salbu