Velkommen Benedicte Lund Berge!
Sogndal FK Damer og Arna Bjørnar er samde om ein utlånsavtale for keeper Benedicte Lund Berge, f. 5. mars 2003! Avtalen strekkjer seg ut juni 2026.
- Det kjennes utruleg deilig ut å endeleg kunne signere for Sogndal. Eg kjem til ein klubb med store ambisjonar, og har stor tru på at Sogndal kjem til å etablere seg i toppfotballen. Den kommande sesongen blir spennande, fortel Benedicte.
Benedicte er ein erfaren keeper frå både klubb- og landslagsfotball. Ho byrja karriera si i barndomsklubben Blindheim, og allereie som 14-åring vart ho tatt ut til NFF sitt Keeperprosjekt ”Morgendagens 1`ere”. Ho fortsatte utviklinga i barndomsklubben og når ho var 15 år fekk ho spele 3. divisjon med Blindheim. I januar 2020 gjekk turen vidare til AaFK Fortuna og spel i 2. divisjon.
I Ålesund lot kampane vente på seg under Covid, men då fotballen var tilbake etablerte Benedicte seg som fyrstekeeper i 2. divisjon. I 2021 var ho med på å rykke opp med AaFK Fortuna, og året etter spelte ho ein full sesong i 1. divisjon for dei oransje og blå. Deretter gjekk turen til Toppserielaget Arna-Bjørnar før 2024-sesongen. I Arna-Bjørnar vart det 3 kampar for fyrstelaget i nedrykkssesongen, og debuten i Toppserien kom mot LSK kvinner, 13. april 2024. Tilbake i 1. divisjon var ho igjen fyrsteval mellom stengene i 2025, og står no med 56 kampar i 1. divisjon og 11 kampar i NM.
I tillegg til mykje erfaring frå høgare nivå i norsk fotball har Benedicte også god erfaring frå internasjonal fotball og aldersbestemte landslag. Frå ho vart tatt ut til ”Morgendagens 1`ere” som 14-åring har ho fulgt landslagsskulen heile vegen gjennom dei aldersbestemte landslaga frå J16 til U23. Ho står med 15 landskampar i ulike turneringar, og har møtt store fotballnasjonar som t.d. England, Portugal, Italia og Nederland. No er det Sogndal og Fosshaugane Campus som ventar!
Benedicte Lund Berge er klar for spel på Fosshaugane Campus!
I førre veke vart det klart at Maia Lindesteg Øen har vald å legge keeperhanskane på hylla, medan Ingeborg Osland nyleg har operert skuldra og blir ute ein lengre periode. Sporstleg leiar Sebastian Kaldestad fortel om keepersituasjonen og kvifor me no hentar Benedicte på lån frå Arna-Bjørnar:
- Med avgang på Maia L. Øen, som har vore 1. keeper over fleire sesongar, og ei nyoperert Ingeborg Osland som kom inn i fjor sommar frå KIL/Hemne, har me siste tida jobba med å løyse keepersituasjonen i klubben. Med signering av Konstanse Henden, f.2009, frå Eid og no Benedicte Lund Berge, f.2003, frå Arna-Bjørnar er me trygge på at me er godt rusta for ny sesong. I første omgang er det snakk om eit utlån for Benedicte fram til sommaren, det passar alle partar godt. Benedicte er ein keeper me kjenner godt til, og at Magne kjenner ho godt frå før er ein bonus. Benedicte kjem til klubben med god erfaring frå nivået over, noko som vil vere positivt inn i spelargruppa, samt at me no har fått eit keeperteam som vil kunne pushe og utvikle kvarandre i tida framover.
Hovudtrenar Magne Elde og Benedicte kjenner kvarandre godt frå før, og dei har jobba i lag i både Blindheim og AaFK Fortuna.
- Benedicte kjenner eg frå tidlegare, heilt tilbake til då eg jobba i Blindheim og ho var ein ung og lovande keeper på veg opp og fram. I tillegg var eg med å henta ho til AaFK Fortuna i 2020, fortel Elde.
Han beskriv ein erfaren keeper som blir eit godt tilskot til spelartroppen:
- Ho er ein erfaren og rutinert keeper, og ein moderne keepertype som er offensiv og god med beina. Ho har fleire sesongar som fyrstekeeper i 1.divisjon, og vil gje oss mykje både sportsleg og menneskeleg i gruppa, legg han til.
Benedicte sjølv beskriv Magne som dedikert og god trenar:
- Eg kjenner Magne godt frå før då eg hadde han som trenar i Blindheim, barndomsklubben min, og me har vore i AaFK Fortuna i lag. Han er ein god trenar som verkeleg brenn for fotballen og er dedikert, fortel ho.
Benedicte har allereie spelt sin fyrste kamp for klubben, i 4-3-sigeren mot HamKam. I samband med kampen deltok ho også på den fyrste treninga med resten av jentene, og fekk vere med på det sosiale opplegget rundt årets fyrste overnattingstur. Ho fortel at ho har fått eit godt inntrykk av både klubben og resten av spelargruppa:
- Det verkar som ei svolten spelargruppe som vil opp og fram. Fyrsteinntrykket av klubben og laget etter fyrste kamp og trening er at dette er ein klubb som verkeleg står på, og har overraska positivt både på og utanfor bana. Etter to dagar har eg allereie ei kjensle av at eg har vore her ei stund, og eg føler meg godt tatt i mot. Støtteapparatet er veldig seriøse og legg godt til rette for å kunne kjempe om opprykk.
Me ønskjer Benedicte hjarteleg velkommen til Sogndal FK Damer, og gler oss til å sjå ho i aksjon utover vårsesongen!