Generalpartnar Sparebanken Norge er med vidare!
Marknadsansvarleg Ole Petter Heggestad og Jørgen Follevåg Mjelleli frå Sparebanken Norge
Vår generalpartnar Sparebanken Norge har vore ein avgjerande bidragsytar og samarbeidspartnar heilt sidan oppstarten av Sogndal FK Damer i 2022! No er me veldig glade for at dei er med vidare, og har signert ein avtale ut 2027-sesongen!
I over 200 år har Sparebanken Norge vore ein trygg og stabil bank for folk og lokalsamfunn. Gjennom gåvemidlar og støtte tek dei samfunnsansvar og bidreg til å skape vekst og fellesskap der du bur. Store delar av overskotet går tilbake til lokale prosjekt, som bidreg til levande lokalsamfunn, fellesskap og inkludering.
I 2025 vart tidlegare Sparebanken Vest og Sparebanken Sør slått saman til det me i dag kjenner som Sparebanken Norge - ein ny bank me allereie kjenner. Fusjoneringa gjorde dei til den største sparebanken i landet, og danna grunnlaget for ein endå meir offensiv og solid bank som skal vere tilstades i heile Norge!
Sogndal FK Damer har i perioden fram til no vore med på spanande større prosjekt i regi av Sparebanken Vest (no Sparebanken Norge), som til dømes Jenter vil mer. Der hovudmålet er å gi jentefotballen den plassen den fortener. Prosjektmidlar frå SPN har vore med å bidra til at me har kunna vore ute i regionen og bidrege på fotballskular og arrangert Jentefotballdagar. I tillegg har dei vore ein sterk bidragsytar til det årlege arrangementet vårt her i Sogndal, Jentefotballens helg, der vi samlar klubbleiarar, trenarar og spelarar for fagleg påfyll og inspirasjon.
- Heilt sidan oppstart i Sogndal FK Damer har me hatt gleda av å ha med Sparebanken Norge på laget. I samarbeidet har me vore offensive, raoe og på framfot på kva som er mogleg å få til. Det har vore god og tydleg kommunikasjon, og me har vore kreative og produktive saman. Dette er mykje av det som krevjast for utvikling, og som er oppskrifta til å bli eit godt fotballag og vinne kampar. Gjennom sponsoravtalen og ulike prosjekt har me vore opptekne av å ta samfunnsansvar og jobbe for like moglegheiter. Dette skal me halde fram med, seier dagleg leiar, Sebastian Kaldestad.
Plassjef for Sparebanken Norge i Sogn og Fjordane, Jørgen Follevåg Mjelleli fortel:
- Me i Sparebanken Norge er utruleg stolte over å ha vore med på reisa til Sogndal FK Damer heilt sidan starten. Det er gjort ein utruleg god jobb frå klubben si side når det kjem til å løfte fram sponsorane, bygge klubb, levere resultat og samtidig skape oppslutning hjå frivillige. Viktigast av alt er damene sjølve! Dei fleste av dei kombinerer skule/jobb med toppidrettssatsing. I både opp og nedturar gir dei jernet kvar einaste dag og legg ned den jobben som krevjast for å levere resultat på høgt nivå. Dette inspirer andre damer og jenter i heile regionen vår og med tida har vi kanskje enda fleire ledestjerner både lokalt og nasjonalt. Dette heiar vi på og vi gledar oss til fortsetjinga saman.