Treningskamp: Sogndal - Fyllingsdalen

Dei to fyrste treningskampane i oppkøyringa er gjennomført, og i morgon skal jentene i aksjon igjen. Det er ein skikkeleg test som ventar, og Fyllingsdalen er på papiret den tøffaste motstanden me skal møte fram mot seriestart. Me gler oss til ein ny kamp i Sognahallen!

Fyllingsdalen er eit solid 1. divisjonslag, og har vore stabile på nivået over oss dei siste 3 sesongane. I fjor enda dei på 7. plass med 26 poeng, og hadde god avstand ned til nedrykksplassane. Dei spelte blant anna i same divisjon som HamKam, og enda på 16 poeng meir enn vår førre motstandar i oppkøyringa. Jentene leverte ein god prestasjon i den kampen, men me forventar ein endå større test på laurdag.

Vårt førre møte med Fyllingsdalen var i fyrste runde av NM 2025. Etter ei oppkøyring prega av mykje skadar og forfall vart årets fyrste offisielle kamp ei vanskeleg oppgåve, men ein relativt jamn kamp enda 1-3 på Fosshaugadn. Julie Slattum Pettersen opna målkontoen med årets fyrste scoring, og i morgon får ho nye sjansar. I år ser troppen betre ut, og det er god konkurranse om speletida med mange spelarar tilgjengeleg. Me skal gje Fyllingsdalen ein god kamp, og håpar å sjå dykk i Sognahallen.

Julie Slattum Pettersen og Vilde Tufte Mardal kunne juble mot HamKam - no ventar Fyllingsdalen!

Mia Sævig Eriksen har scora i begge kampane til no i oppkøyringa, og er delt toppscorar frå midtstopparplass. Etter dagens trening fortalde ho om dei fyrste kampane, og kva som møter oss i morgon. Fyllingsdalen blir ein tøff test, men jentene skal vere klare:

Det er gratis inngang, og kampen blir spelt inne i Sognahallen. Truleg blir det siste kamp i hallen for i år, og no gler me oss til å kome ut på Fosshaugadn. I mellomtida sel me mykje godt i kiosken, og ein får kjøpt både varm og kald drikke med noko godt å bite i. Me satsar på ein god kamp mellom to gode lag, og håpar å sjå dykk i Sognahallen! Velkommen!

Martin Salbu