Meget sterk prestasjon i siger over Fyllingsdalen!

Marte Senneset Aaberge jublar for scoring saman med Andrea Sælid Njøs

Det enda 2-0 i dagens treningskamp mot Fyllingsdalen, og jentene leverte ein ny god prestasjon! Ein fantastisk fyrsteomgang gjorde at me leia 2-0 til pause, og med god kontroll resten av kampen klarte ein også å halde nullen! Det gir mange gode svar og sjølvtillit som blir tatt med vidare i oppkøyringa.

Jentene var påskrudd frå start, og så ivrige at avsparket vart tatt før dommaren rakk å blåse i fløyta. Det vart eit frampeik på korleis omgangen skulle utvikle seg, og frå fyrste sekund var det full gass. Høgt og intensivt press skapte store problem for Fyllingsdalen, og jentene rulla opp sjanse etter sjanse. Det skulle også gi utelljing, og etter 16 minutt spelt kom den fyrste scoringa. Andrea Sælid Njøs vann ballen høgt i bana og fekk lagt inn mot midten. Der venta Julie Slattum Pettersen og banka inn 1-0 i det nærmaste hjørnet.

Direkte frå avspark fortsatte jentene i same spor, og berre to minutt etter låg ballen i nettet igjen. Julie Slattum Pettersen var involvert på venstresida og spelte fint igjennom til vingback Vårin Ness. Frå ventre la ho inn mot bakre stolpe, og der venta motsatt vingback Marte Senneset Aaberge og banka ballen opp i nettaket til 2-0! Både Aaberge og Pettersen står no med 3 mål kvar på dei 3 fyrste kampane!

Så glad blei kaptein Julie Slattum Pettersen når lagvenninne Marte Senneset Aaberge banka inn 2-0!

Utover omgangen jamna det seg meir ut, utan at Fyllingsdalen fekk sleppe til på mange sjansar. God struktur og defensiv jobbing gjorde at ein hadde ganske god kontroll, medan ein framleis var aggresive i presset og kom til fleire gode sjansar. Etter pause kom det heller ingen fleire mål, men begge lag hadde gode moglegheiter til å score. Eit skot i tverrliggaren var Fyllingsdalen sin beste sjanse, medan jentene spelte seg åleine med keeper etter nokre gode kontringar i andreomgang.

Hovudtrenar Magne Elde var veldig fornøgd med prestasjonen til jentene i dag, og trekk fram både god defensiv struktur og angrepsfotball rett frå læreboka:

Marte Senneset Aaberge har verkeleg funne målformen i sin nye posisjon, og fortsatte på same måte i dag. Med scoring i kvar kamp til no i oppkøyringa er ho delt toppscorar frå vingbacken, og kanskje blir det fleire neste helg mot Aalesund:

Frå og med neste veke flyttar me endeleg ut på Fosshaugadn, og jentene skal jobbe godt inn mot neste kamp. Allereie på laurdag møter me ein blanding av AaFK og AaFK 2 ute på Campus, noko som blir ein ny tøff test. Me gler oss og håpar å sjå dykk på kamp! Tusen takk til alle som tok turen til Sognahallen i dag!

Martin Salbu