Takk for innsatsen, Ine Langen Dale!
Ine Langen Dale takkar for seg i Sogndal FK Damer og melder overgang til divisjonskollega Amazon Grimstad!
Ine har vore ein del av Sogndal FK Damer sidan oppstarten i 2022, og i moderklubben Kaupanger før det. Ho er ein uredd og offensiv spelar med gode ferdigheiter som back, og har vore ei viktig brikke for klubben gjennom fleire år. Med 57 offisielle kampar er ho nr. 9 på adelskalendaren, og det til tross for at ho var ute med skade i heile 2024. Ine er ei sprudlande jente med godt humør, og ho har vore ein god bidragsytar både på og utanfor bana.
No går turen vidare til sørlandet og divisjonskollega Amazon Grimstad. Frå hausten skal ho studere, og då var dette ei god moglegheit til å kombinere fotball og studiar:
- Eg byrjar på byggingeniørstudiet til hausten, og skal ta ei forkurs frå 29. juni. Så har eg ein kjæraste som har fått kontrakt med Vindbjart, og me skal flytte nedover i lag. Det gjer at det kjennest mykje meir trygt. Planen var i utgangspunktet å flytte frå hausten, men sidan eg har fått tilbod om kontrakt no føles timinga riktig.
Ine har vore ein del av klubben lenge, og ho fortel at det blir trist å skulle reise. Samtidig takkar ho trenarteamet og alle rundt laget som har gjort tida i Sogndal fin:
- Det er det som gjer det mest vanskeleg å reise, at eg føler at dette er ein stor del av meg. Det er også litt av grunnen til at eg kastar meg ut i det, fordi eg trur det ville blitt vanskelegare om eg venta lenger. Det er ei veldig fin spelargruppe som er her no, og det er det som er mest trist å skulle reise frå.
- Eg ønskjer å takke trenarteamet og alle som har bidratt rundt laget. Det er ikkje mange klubbar i 2. divisjon som har så gode fasilitetar som Sogndal, og samhaldet har gjort at det har vore kjekt å vere her så lenge, avsluttar ho.
- Vi ønskjer Ine lykke til med eit nytt kapittel i livet. Vi kjem til å sakne både fotballspelaren og personen Ine, når ho no flyttar til Sørlandet saman med kjærasten. Det er veldig kjekt at ho får kombinert ønska studiar med 2.divisjons fotball i Amazon. Vi håper at ho finn seg godt tilrette i Grimstad, så håper vi ho kjem tilbake til Sogndal etterkvart, fortel sportsleg leiar Sebastian Kaldestad.
Me takkar Ine for innsatsen i klubben og ønskjer masse lukke til vidare med både fotballen og studiane!