Treningskamp: Sogndal - Aalesund 2
Årets fjerde treningskamp står for tur, og me skal endeleg ut på Fosshaugadn! I morgon får me besøk av AaFK 2, og me gler oss til ein ny test!
AaFK og AaFK Fortuna har tidlegare vore to ulike klubbar, men før årets sesong samla dei seg til ein felles klubb for herre- og damesatsinga. Det betyr at AaFK Fortuna no er historie, og at alle laga no er ein del av den same klubben. AaFK Fortuna fekk ein skikkeleg jubelsesong før fusjonen, og kunne feire opprykk både for 1. og 2. laget. AaFK tok steget opp til Toppserien, medan AaFK 2 skal spele 2. divisjon og er ein av motstandarane me møter i seriespelet. Kampen i morgon vil difor kunne gi oss gode referansar mot ein divisjonskollega.
Spelarane har hatt ei god treningsveke på Campus, og er no klare for ein ny kamp. Me har nokre utilgjengelege spelarar også denne gongen, men med god konkurranse i troppen opnar det for at fleire får moglegheiter. Vilde Tufte Mardal og Mari Hov Heggestad er begge klare for kamp, og fortalde litt om treningsveka og inngangen til kampen etter dagens trening.
Etter å ha trent inne i Sognahallen gjennom vinteren har me endeleg kome ut på Fosshaugadn, og i morgon blir altså den fyrste kampen utandørs. Me gler oss til ein spennande kamp, og håpar å sjå mange supportarar i vårsola på Fosshaugadn! Det er gratis inngang, og kiosk i Skraol Pub der ein får kjøpt både varm og kald drikke med noko godt å bite i. Velkommen!
PS. For dei som ønskjer å sjå litt ekstra fotball i morgon anbefalar me treningskampen mellom AaFK sitt 1. lag og Arna-Bjørnar. Kampstart spelast på Fosshaugadn rett før vår eigen kamp og har avspark kl. 14:00.