Ny siger mot divisjonskollega Aalesund 2!
Årets fyrste kamp ute på Fosshaugadn enda med ein fin 3-0-siger mot Aalesund 2. Det vart ein litt rotete kamp, der periodar var veldig bra medan ein også har mykje å gå på. Me tek med oss eit god resultat mot ein divisjonskollega og jobbar på vidare!
Jentene fekk ein flott start på kampen og allereie etter 5 minutt spelt kom den fyrste scoringa. Med flotte kombinasjonar spelte ein seg ut bakfrå og ut mot Vårin Ness til venstre. På éi berøring sendte ho ein flott gjennombrotspasning i bakrom, og Vilde Tufte Mardal jakta inn bak forsvaret. I løpsduell mot keeper var det Vilde som kom fyrst og runda sisteskansen før ho trilla ballen enkelt i mål til 1-0. Ei flott scoring sørga for tidleg leiing.
Vilde Tufte Mardal sendte oss i føringa mot AaFK 2! Foto: Martin Salbu
Utover omgangen var det relativt sjansefattig, og ingen av laga fann heilt ut av spelet. Mange duellar på midtbana og to lag som var litt unøyaktige prega kampen, og dei største sjansane lot vente på seg. Det var før toppscorar Julie Slattum Pettersen satte på turboen rett før pause. Eli Sofie Skjølberg vann ballen midt på eigen halvdel og kaptein Pettersen plukka opp. Frå eigen halvdel satte ho fart og kom seg forbi 4 forsvararar, før ho satte ballen roleg forbi keeper til 2-0. Det var også stillinga til pause.
I andreomgang var det også ein jamn kamp, der AaFK fekk styre mest med ball i byrjinga av omgangen. Keeper Benedicte Lund Berge vart ikkje sett på dei største prøvene, og hadde god kontroll på dei sjansane som kom. Utover omgangen vart det gjort ein del bytter som gav laget meir energi, og spelsielt Luna Flo skulle markere seg. Etter 75 minutt spelt vann ho ballen høgt i bana, og drog seg elegant forbi 2 forsvararar. Frå dødlinja la ho ballen ut igjen til Vilde Tufte Mardal som fekk ei enkel oppgåve med å sette 3-0 på blank kasse. Årets 3. scoring for Tufte Mardal og den fyrste målinvolveringa for hospitant Luna Flo.
Luna Flo i forkant av 3-0-scoringa. Foto: Martin Salbu
Hovudtrenar Magne Elde var tydeleg på at me har litt å gå på, men var samtidig nøgd med at me får med oss eit godt resultat. Me fekk også gode svar frå fleire av innbyttarane, noko som tyder på god konkurranse i troppen:
Neste kamp er no laurdag 21. mars då me tek i mot Raufoss på Fosshaugadn. I etterkant av kampen blir det Kick off saman med Sogndal Fotball, og me gler oss til ein flott dag med både fotball og fest!