Dette er årets kapteinsteam!

Sesongstarten nærmar seg med stormskritt, og no er det berre ein god månad igjen til seriespelet sparkast i gang. Den fyrste obligatoriske kampen kjem allereie onsdag 25. mars mot Førde i 1. runde av cupen, og jentene er klare for å kome i gang! Her er spelarane som utgjer årets kapteinsteam og spelatutval!

- Eg er særs oppteken av at vi har ein god, jamnleg og tett dialog mellom spelargruppa, trenarteamet og sportsleg leiing. Dette er viktig slik at vi heile tida utfordrar kvarandre, evaluerar kontinuerleg og saman kan bidra til den beste utviklinga for laget og klubben. Med jamnleg dialog og møtepunkt, så kan vi tidleg ta tak i utfordringar, justere og gjere nødvendige endringar og tilpasningar.  Å skape eit sterkt lag og eit godt utviklingsmiljø er noko vi alle må jobbe med dagleg for å skape og vidareutvikle den rette kulturen, fortel hovudtrenar Magne Elde.

Ein har no satt saman eit spelarutval som skal bidra til at spelarane har medverknad, og som skal vere eit bindeledd mellom trenarteam og spelargruppa. Trenarteamet har valgt ut tre spelarar til kapteinsteamet, medan spelargruppa sjølve har valt inn to representantar. Desse 5 utgjer spelarutvalet i 2026.

Kapteinsteamet f.v Mia Sævig Eriksen, Julie Slattum Pettersen og Anna Palm

Kapteinsteamet

Kapteinsteamet består av Julie Slattum Pettersen som kaptein, medan Anna Palm og Mia Sævig Eriksen er visekapteinar. Valet er tatt med utgangspunkt i at dette er damer som tek ansvar både på og utanfor bana, i tillegg til å setje den standaren me ønskjer i haldningar og kultur i gruppa. Julie har erfaring i rolla frå i fjor haust, og har vist at ho er ein naturleg leiarfigur i troppen. Saman med Mia som allereie er godt etablert i gruppa og Anna som tilfører mange verdifulle erfaringar frå Toppserien, dannar dei ein solid trio.

- Julie fekk prøve seg litt som kaptein i fjor haust, og etter å blitt betre kjent med ho var ho eit naturleg val i rolla vidare. Ho er ein klassespelar, ho tek ansvar både på og utanfor bana og er flink til å sjå alle. Samstundes gjev rolla ho ekstra energi og ho spelar med den lidenskapen vi ynskjer, og med hjartet langt utanpå Sogndalsdrakta, fortel Elde.

Julie sjølv fortel at ho er stolt over å få kapteinsbindet rundt armen, og at kapteinsteamet jobbar godt i lag:

- Mi rolle som kaptein er ei rolle eg er stolt og glad for å kunne bera! Eg er ein spelar som ofte bidreg mykje verbalt og ønskjer å vera eit godt førebilete for dei som er yngre. I teamet er det to til med erfaring og som er gode bidragsytarar i kamp og på trening! Me jobbar godt saman og har et felles ansvar for å samle gruppa, heve kvaliteten og sørge for at alle finn sin plass på ein best mogleg måte! Som lag er me avhengig av absolutt alle i troppen, og dette er vårt ansvar å ta ekstra tak i om det er behov.

Spelarutvalet f.v Marte Senneset Aaberge, Mia Sævig Eriksen, Julie Slattum Pettersen, Anna Palm og Mari Hov Heggestad

Spelarutvalet

Spelarutvalet består av dei tre spelarane i kapteinsteamet, i tillegg til to representantar som spelargruppa sjølv har valgt. Her skulle dei velje ut ein spelar i VGS-alder som representerer dei yngste, og ein spelar som representerer den eldste delen av gruppa. Marte Senneset Aaberge og Mari Hov Heggestad er dei to spelarrepresentantane.

Aaberge har vore med heilt sidan oppstarten i 2022, og er ein spelar med mykje erfaring og god kjennskap til klubben. Heggestad melde overgang frå Sogndal Fotball i januar 2024, og var med som hospitant i lengre tid før dette. Begge jentene er gode rollemodellar, og får ei viktig oppgåve som representantar for resten av spelargruppa inn mot trenarteamet og sportsleg leiing.

Det er ikkje lenge igjen til me endeleg skal kjempe om poeng, og no byrjar me å bli klare. Kaptein Julie Slattum Pettersen er klar på at me har ambisjonar, og at me gler oss til å kome i gang:

- Sesongen blir tøff, me har ambisjonar som lag og klubb! Difor må me prestere gjennom heile året, legge ned innsatsen som krevst kvar dag og ikkje minst trivast saman! Me har hatt ein god start og levert nokre gode prestasjonar så langt, så me ser fram mot sesongstart!

Martin Salbu