Fotballdag for jenter i Måløy!

I dag har me vore så heldige å få vere med Måløy FK å arrangere fotballdag for jenter. Vel 70 jenter i alderen 6-15 år fekk seg ei god treningsøkt med spelarar frå Sogndal FK Damer som trenarar. Treningane gjekk føre seg på Skavøypoll stadion og i Nordfjordhallen, med spelarar frå Skavøypoll IL, Tornado FK og Måløy FK. 

Etter økta samla alle seg i klubblokalet på stadion. Der vart det servert pizza som Sparebanken Norge raust spanderte.

Etter matservering fekk spelarane, dei frammøtte trenarane og foreldra høyre litt om korleis nokon av spelarane i Sogndal FK hugsa frå barne- og ungdomsfotballen, og kva som har vert viktig for dei i sine utviklingsløp.

Etter spelarane var reiste heim, gjennomførte Magne Elde, Sebastian Kaldestad og Vidmar Hjellhaug eit mini-trenarforum med mange gode fotballdiskusjonar. Dette vart ei perfekt avslutning på sosialhelga vår i Nordfjord.

- Me er privilegerte som får moglegheit til å vere ute i klubbar i regionen på denne måten. Det er berre vinnarar når ein får til slike tiltak. Det er svært gjevande for oss og våre spelarar å få vere med å bidra med litt inspirasjon i kvardagen ute i klubbane. Blir spelarane og klubbane rundt oss betre vil me også nyte godt av det, seier dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad.

Tusen takk til deltakarane, Måløy FK for flott vertsskap og ikkje minst til vår generalpartnar Sparebanken Norge som spanderte pizza på alle saman etter økta!

Martin Salbu