Siger mot Førde i årets fyrste treningskamp!

Årets fyrste treningskamp mot Førde enda med 7-0-siger. Heile troppen var i aksjon, og det vart ei god gjennomkøyring og ein flott start på sesongoppkøyringa.

Laget som starta kampen var:

Konstanse Henden, Anna Palm, Mia Sævig Eriksen, Oselie Henden, Marte Senneset Aaberge, Alida Hestetun Kilen, Mari Hov Heggestad, Eli Sofie Skjølberg, Vårin Ness, Nathalie Høgi og Julie Slattum Pettersen.

Allereie etter 3 minutt spelt kom den fyrste scoringa, og det var Marte Aaberge som fekk æra av å score årets fyrste. Ho fekk tillit som cornertakar, og på den fyrste corneren frå høgre dunka ho like greit ballen direkte i mål til 1-0! Same spelar var også involvert 20 minutt seinare. Denne gong var det corner frå venstre, og eit nydeleg legg fann Mia Eriksen som stanga ballen i mål til 2-0!

Mia Eriksen stanga inn corneren frå Marte Aaberge til 2-0!

Berre minuttet etter 2-0 låg ballen i nettet på nytt. Denne gong var det Julie Slattum Pettersen som kom seg fri og fekk ballen i mål til 3-0. Jentene gav seg ikkje der, og etter 30 minutt spelt kom også 4-0. Vårin Ness vann ballen heilt på dødlinja på sin venstrekant, og la igjen til Nathalie Høgi. Ho la ballen til rette for Eli Sofie Skjølberg som banka ballen i mål. Det stod 4-0 etter den fyrste av 3 omgangar på 30 minutt.

I andreomgang tok det 19 minutt før scoringa kom, men då tok kaptein Julie Slattum Pettersen ansvar og prøvde seg på eit langskot. Frå godt utanfor 16-meteren curla ho elegant inn 5-0 med eit flott skot. Kapteinen og toppscoraren frå i fjor er i gang, og veit framleis kvar målet står! Dette sa ho etter kampen:

Det kom ikkje fleire mål i omgang 2, og før tredje og siste omgang gjorde hovudtrenar Magne Elde mange byter. Totalt 7 hospitantar var ein del av eit ungt lag som fekk prøve seg. Ein av desse hospitantane var spiss Filippa Myrold Haavik frå Eid. Ho viste at ho har gode kvalitetar framføre mål, og på ein retur frå Førdekeeper Marthe Gjerde Stølen, var ho på rett plass og fekk ei enkel oppgåve med å sette inn 6-0. Me fekk sjå fleire flotte scoringar i dag, men det er fint å spare det beste til slutt. Stine Marie Isaksen fekk ballen omtrent midt på Førde sin halvdel, drog seg forbi ein forsvarar og banka til frå over 25 meter. Ballen suste rett i krysset, og fastsatte sluttresultatet til 7-0!

Hovudtrenar Magne Elde fekk ein god start på livet som trenar for Sogndal FK Damer, og var nøgd med mykje av det han fekk sjå frå jentene. Heile troppen var i aksjon, me scora fleire flotte mål og bakover var det lite å gjere for keeperane. Dette sa sjefen etter kamp:

Martin Salbu