Treningskamp: Sogndal - Førde

Endeleg er det klart for årets fyrste treningskamp! Ventetida frå siste seriekamp i fjor føles alltid lang, men i morgon skal jentene i aksjon for fyrste gong i 2026! Me får besøk av Førde, og håpar å sjå dykk i Sognahallen!

Fyrste motstandar i 2026 er altså våre vennar frå Sunnfjord. Førde spelar i 3. divisjon kvinner Vestland (Hordaland), som er divisjonen under oss. Hordalandsavdelinga er rangert hakket over den lokale 3. divisjon her i Sogn og Fjordane (4. divisjon frå 2026), og Førde møter altså fleire sterke motstandarar i seriespelet. I fjor enda dei på ein fin 6. plass, og møtte blant anna Brann 2 som har rykka opp til vår avdeling i 2. divisjon. Det blir ein fin test for jentene, og ein god måte å byrje sesongoppkøyringa.

Me har eit godt samarbeid med Førde, og nokre av spelarane me møter på laurdag kjenner me litt ekstra. Både Rikke Fraas Øren, Johanne Olset og Viktoria Zablotna har alle vore med på trening som hospitantar, noko me synst er veldig kjekt. At unge talent frå fylket ønskjer å trene med oss set me pris på, og me håpar også at det gir god verdi for både spelarar og klubbar.

Dei tre jentene frå Førde kjem til å stå på motsett banehalvdel i morgon, men me har også fleire hospitantar frå andre klubbar i fylket. Keeper Sandra Haugen Flo frå Stryn, midtstoppar Eili Silden frå Måløy og spiss Filippa Myrold Haavik frå Eid vil alle vere ein del av troppen, og får sjansen til å vise seg fram i kamp. I tillegg får me med oss hospitantar frå Sogndal Fotball, der både Andrine Sønnesyn, Vilja Skjeldestad, og dei faste hospitantane Maria Heggestad og Luna Svedal Flo er med i troppen!

Etter ei tid med diverse sjukdom og skadar er det ikkje alle som er tilgjengelege for spel allereie i morgon, men det blir allikevel ei god gjennomkøyring for store delar av troppen. Ein har fått jobba med spelmodellen den siste veka, og det blir spennande å sjå korleis det ser ut i den fyrste kampen med ny hovudtrenar. Me gler oss til å kome i gang med årets sesongoppkøyring!

Det er gratis inngang, og kampen blir spelt inne i Sognahallen skjerma frå den verste vinterkulda. Om det allikevel skulle bli kaldt sel me mykje godt i kiosken, og ein får både varm og kald drikke med noko godt å bite i. Det er lite som slår live fotball på ein laurdags formiddag, og me håpar å sjå dykk i Sognahallen! Velkommen!

Har du kjøpt sesongkort?

Martin Salbu