Fotballdag for jenter på Kaupanger!

Fotballdag for jenter er eit tiltak der representantar frå Sogndal FK Damer reiser ut til klubbar i fylket. Det er klubbane sjølv som arrangerer og legg til rette, medan spelarar og trenarar frå oss bidreg med å arrangere fotballøkta. Her er det fotballglede og aktivitet med ball som er i fokus. Etter økta er det rom for felles matservering og sosialt opplegg.

I går var me på besøk hjå Kaupanger IL i samband med Fotballdag for jenter! Utviklingskoordinator Marianne Mellesdal, keepertrenar Vidmar Hjellhaug og dei tre Kaupangerjentene Marte Aaberge, Ine Dale og Natalie Teigen var med og arrangerte ei kjekk fotballøkt for dei 30 jentene! Det var mykje smil og latter gjennom økta, og både spelarar og trenarar hadde det veldig morro i lag!

Det er utviklingskoordinator Marianne Mellesdal som er ansvarleg for Fotballdag for jenter. Sjølv om ho no er hovudtrenar for Jølster er me veldig glade for at ho framleis skal vere ein del av Sogndal FK Damer. I intervjuet under fortel ho litt meir om opplegget og kvifor dette er viktig for oss. Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller om dette høyrest interressant ut for din klubb!

Meir om Fotballdag for jenter!

Marianne Mellesdal:

+47 462 97 003 / marianne@sogndalfk-damer.no

Martin Salbu