Velkommen heim, Nathalie Høgi

Etter 1,5 år på Austlandet er me veldig glade for å kunne presentere angrepsspelar Nathalie Høgi, f. 2008, som Sogndal FK Damer sin nyaste signering! Ho kjem frå spel i LSK Kvinner, og no er ho klar for å vende heim til Saftbygda og Sogndal FK Damer!

Det er veldig fint å kome heim igjen, og det har alltid vore ein tryggleik å vite at eg kunne kome tilbake til Sogndal om ting ikkje vart som eg tenkte i Oslo, fortel ho.

Nathalie kjem frå Sogndal, og byrja fotballkarriera si i Sogndal Fotball, før ho vart ein del av Sogndal FK Damer tilbake i april 2023. I sin fyrste sesong i 2. divisjon spelte ho i 17 offisielle kampar, og den fyrste scoringa for klubben kom på Fosshaugadn i 3-3-kampen mot Frigg det same året. I 2024 rakk ho 8 offisielle kampar på våren før ho reiste vidare til LSK Kvinner og nye eventyr på austlandet.

For dei gule og svarte har det primært vorte spel i 2. divisjon med LSK Kvinner 2, og i Norgesmeisterskapen for J19. I 2024 var ho ein del av J19-laget som gjekk heile vegen til finalen i NM, og Nathalie noterte seg for to scoringar på vegen. Stabæk var sterkast i finalen, og vart Norgesmeistrar, men ein finale er uansett god erfaring. I fjor vart det 14 kampar i 2. divisjon, og i mai kom også debuten for LSK Kvinner i 0-3-sigeren mot Medkila i cupen!

Det har vore veldig lærerikt å få spele for LSK Kvinner, og eg tek med meg masse god erfaring frå tida i Oslo. Eg trur det var lurt å reise ut for å få erfaringane, men samtidig vart det ikkje heilt slik eg såg for meg at det skulle bli. Då er det godt å kunne kome tilbake til Sogndal, fortel ho.

Nathalie er ein teknisk angrepsspelar med mykje fart i beina, og ho kan spele som både spiss og kantspelar. Kvalitetane hennar vil gi oss endå meir fleksibilitet og alternativ framover i bana, og styrke troppen i det offensive spelet. Hovudtrenar Magne Elde er glad for at Nathalie no blir ein del av troppen:

Nathalie vil gi oss endå meir styrke og fleksibilitet framover i bana, og me er glade for at Nathalie no kjem heim til Sogndal FK Damer. Me ser fram til å vere med å utvikle potensialet hennar vidare, fortel han.

Nathalie kjenner naturleg nok ein god del av spelargruppa frå før, men samtidig er det også mykje nytt sidan ho var her sist. Ho har allereie fått nokre treningar med laget, og fortel at det verkar som ein bra gjeng:

Det var litt rart på den fyrste treninga, sidan det er lenge sidan eg var her, og det er jo nesten to år sidan no. Så har det også kome inn ein del nye, så det er ikkje alle ein kjenner like godt. Det var kjekt å møte dei, og det verkar som ein veldig bra gjeng, fortel ho.

Me gler oss til å sjå Nathalie i svart og kvitt igjen, og håpar på jubel for både scoringar og sigrar gjennom sesongen! Velkommen heim, Nathalie Høgi!

Årets fyrste treningskamp blir spelt i Sognahallen laurdag 31. januar kl. 14:00! Kampen blir spelt over 3x 30 minutt, og me sel mykje godt i kiosken! Velkommen!

Martin Salbu