Intervju: Magne Elde om oppstarten
Hovudtrenar Magne Elde og resten av støtteapparatet har kome godt i gang i det nye året, og etter gårsdagens trening var dei to fyrste treningsvekene fullført. Den fyrste perioden har vorte brukt til å bli betre kjend, og sjølvsagt for å bygge fysikk for ein lang sesong.
Snart er me også i gang med treningskampane, og i årets fyrste møter me Førde i Sognahallen. Motstanden er variert, og me vil få teste alle fasar av spelet før serien startar. Høyr kva Magne Elde sa om både treningskampane og opptarten i intervjuet under: