Støtt Sogndal FK Damer med din Grasrotandel!

"Grasrotandelen gir deg moglegheita til å bestemme kven som skal få ein del av Norsk Tipping sitt overskot – utan at det kostar deg noko ekstra. Kven får din grasrotandel?"

Kvart år deler Norsk Tipping ut mange millionar til lag og organisasjonar over heile landet. Overskotet på nærare 900 millionar blir fordelt på organisasjonar innan kultur, idrett, frivilligheit og så mykje meir over heile landet. Det er over 1,1 millionar som har registrert seg som grasrotgivar, og me håpar at akkurat du ønskjer å støtte Sogndal FK Damer!

Korleis verkar det?

Kvar gong ein kjøper eit spel frå Norsk Tipping, går ein andel av innsatsen din til den grasrotmottakaren du sjølv har valgt. Å vera grasrotgivar kostar deg ikkje noko ekstra utover innsatsen, og Grasrotandelen fordelast ut ifrå det beløpet du spelar for.

For å velje Sogndal FK Damer som din grasrotmottakar må ein logge seg inn på Norsk Tipping. I appen eller på nettsida går ein til Profil og vel Bli grasrotgivar. - finn mottakar. Her søker ein på Sogndal Fotballklubb Damer eller organisasjonsnummeret 827956252. Som grasrotgivar for Sogndal FK Damer bidreg du til satsing på kvinnefotballen i Sogn og Fjordane, og å gi unge jenter moglegheit til å følgje draumen om å bli profesjonell fotballspelar! Kvart minste bidrag tel, og alle aktive grasrotgivarar er med på leggje til rette for vidare utvikling!

Me set stor pris på alle som ønskjer å støtte oss med sin Grasrotandel, og håpar at endå fleire ønskjer å bidra i 2026! Vel din grasrotmottakar i dag og send saka til nokre som kanskje vil vere med å bidra! Tusen takk!

Gå til Norsk Tipping!

Ein må vere over 18 år for å spele. Hugs å aldri spel for meir enn du har råd til å tape.

Martin Salbu