Trygt vidare til 2. runde!

Jentene gjorde jobben mot Førde og tok seg trygt vidare til 2. runde i NM. Bortelaget tok fyrst leiinga etter 10 minutt, men jentene svarte umiddelbart og gav seg ikkje før det stod 6-1!

Sjølv om jentene hadde mest ball var det var bortelaget Førde som skulle ta leiinga, og etter 10 minutt kom den fyrste scoringa. Malin Øren Otternes vart spelt fri i midten av bana og banka til frå distanse. Ballen gjekk rett i mål og Førde gjekk opp i 0-1. Det responderte jentene på umiddelbart, og under to minutt seinare var utlikninga eit faktum. Stine Marie Isaksen spelte flott igjennom mot Amalie Ervik Røys. På to berøringar drog ho seg mellom stopparane til Førde og plasserte ballen sikkert ned i det lengste hjørnet frå utsida av 16-meteren. 1-1 etter 12 minutt spelt.

Amalie Ervik Røys satte inn utlikninga mot Førde! Foto: Martin Salbu

Den raske utlikninga gav endå meir trøkk offensivt, og sjansane kom på løpande bånd. Etter 19 minutt låg ballen i nettet igjen, og denne gong på dødball. Anna Palm sin corner vart fyrst heada av Eli Skjølberg, før Maria Erland banka til på returen. Ballen landa til slutt i beina på Stine Marie Isaksen, som fekk ei enkel oppgåve med å sette ballen i mål frå 2 meter. Dødball var svaret også på scoring nr. 3. Nok ein gong svinga Anna Palm inn ein corner, og i feltet var det Maria Erland som fekk satt hovudet fram. Ballen sneik seg inn nede ved stolerota, og midtstopparen kunne juble for si fyrste scoring for klubben! 3-1 var stillinga til pause, sjølv om det fort kunne vore mykje meir.

Maria Erland og Stine Marie Isaksen scora kvar sitt mål før pause! Foto: Martin Salbu

Etter pause fortsatte jentene å køyre på, og det tok ikkje lang tid før scoringa kom. Allereie etter 46 minutt spelt fekk Maria Erland straffespark i etterkant av ein dødball. Amalie Ervik Røys gjekk fram til 11-meteren, og satte ballen sikkert i mål til 4-1. Same spelar var farleg frampå igjen når klokka passerte 52 minutt. Ute til venstre leika ho seg fint innover i boksen, og frå hjørnet av 5-meteren dunka ho ballen i nærmaste kryss! Hattrick frå Amalie, og 5-1 med over 30 minutt igjen å spele.

Berre 4 minutt seinare kom dagens siste scoring, og den vart litt ekstra spesiell. Nathalie Høgi spelte fint igjennom ledd mot Maria Heggestad. Ho brukte fyrst ei berøring for å legge til rette før ho sikkert satte inn si fyrste offisielle scoring for Sogndal FK Damer! Etter mange store sjansar og stang ut tidlegare i kampen kom endeleg scoringa! Så fortent etter ein kjempekamp!

Det enda altså 6-1, og sjølv om det kladda litt mot slutten av kampen vart det ei fin gjennomkøyring. Me har god konkurranse i troppen, og i dag valde trenarteamet å gi sjansen til 8 nye frå start samanlikna med førre seriekamp. Her var det fleire som verkeleg tok sjansen, og viste at me har mange som kan gjere ein god jobb utover hausten!

No er det frihelg for spelarane, då det er cupfinale på Ullevaal denne helga. Me skal lade opp til ein veldig viktig bortekamp mot Rosenborg 2, søndag 13. september. Det gjenstår 6 seriekampar av årets 2. divisjon kvinner, og kvart einaste poeng kan bli heilt avgjerande i kampen om kvalifiseringsspel! Dette blir spennande!

Martin Salbu