Heimekamp mot Førde i cupen!
Nytt møte med Førde i cupen! Foto: Martin Salbu
Allereie i morgon er det klart for ny heimekamp, og me får besøk av Førde til 1. runde i NM 2027! Det blir årets 3. møte med våre gode vener frå Sunnfjord, og me gler oss til eit nytt oppgjer på vegen mot Ullevaal!
Sist me møtte Førde var i 1. runde av NM i mars i år. Den gongen gjekk kampen under flomlysa i Hafstadparken, og jentene drog i land ein komfortabel 5-0-siger. No skal me møtast på Fosshaugadn, og det blir ein ny kamp der ein må vere fokuserte og legge ned jobben. Førde er absolutt ein motstandar som kan skape problem, men me har god tru på at jentene skal gjere jobben på ein god måte. Det blir også ein fin moglegheit til å gi verdifull speletid til heile troppen.
Det blir ein flott kveld for fotball under flomlysa på Fosshaugadn i morgon. Det er meldt litt regn, men det er tørt og godt under taket på stadion. Kiosken er også open, og ein kan få kjøpt både noko varmt å drikke og noko søtt å bite i. Det er billettsal i døra, og det kostar 100,- for vaksne og 50,- for student/VGS. Alle under 16 år kjem inn gratis. Velkommen på kamp!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på Direktesport for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!