God prestasjon, men Sarpsborg var for sterke!
Det vart mange tette og tøffe duellar! Foto: Martin Salbu
Etter ein verst tenkeleg start på kampen heva jentene seg utover fyrstomgang. I periodar leverte dei årsbeste, mot eit meget solid Sarpsborg-lag. Mot slutten kasta ein meir og meir framover for å jakte utlikning, noko som bortelaget straffa knallhardt med to scoringar dei siste 3 minuttane av kampen.
Sarpsborg har vunne samtlege kampar denne sesongen, og er i praksis allereie klare for 1. divisjon 2027. Me visste altså at det kom til å bli ein tøff kamp, og når det i tillegg stod 0-1 før 2 minutt spelt, vart oppgåva endå tøffare. Allikevel klarte jentene å heve seg, og utover omgangen klarte ein i periodar å spele Sarpsborg lave. Diverre kom ein ikkje til dei heilt store sjansane, og måla lot vente på seg. Bakover stod Tuva Etterlid Kjøs ein god kamp, og leverte fleire solide redningar mot klubben ho er på lån frå. Det stod 0-1 til pause.
Etter kvilen hadde Sarpsborg meir ball og kunne kontrollere leiinga. Jentene gjorde ein solid innsats defensivt og hadde stort sett god kontroll på dei sjansane bortelaget kom til. Med 10 minutt igjen, og 0-1 på tavla, byrja sluttspurten og jakta på utlikning. Det vart berre nesten framover, og mot eit så bra lag som Sarpborg, blir ein knallhardt straffa motsett veg. 0-2 og 0-3 kom i det 87. og det 90. minutt, og det enda med ein fortent siger til bortelaget. Me ønskjer lukke til i 1. divisjon!
Det vart diverre ikkje heilt den publikumsfesten me håpa på, og ei litt anna ramme enn det me planlagte for. I forkant av kampen markerte me dødsfallet til Kong Harald V med eit minutts applaus, og alle spelarane spelte med sørgebånd. Store delar av det planlagde arrangementet vart også avlyst. Tusen takk til alle dei som tok turen allikevel! Me set stor pris på støtta!
Tusen takk for støtta! Foto: Martin Salbu