Utsett kamp - Me møter Sarpsborg på søndag
Det er med stor sorg me i dag mottok bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V har gått bort. Folkekongen. Idrettskongen. Kvil i fred!
Alle kampar på nasjonalt liganivå blir utsett i 48 timar. Kampen vår mot Sarpsborg 08 vil difor ikkje bli spelt i morgon, laurdag 29. august. Kampen er no flytta til søndag 30. august kl. 12:00.
Det vil ikkje lenger bli arrangert Fanzone i forkant av kampen, og arrangementet blir ikkje gjennomført som fyrst planlagt. Me gjennomfører kamparrangementet som ein vanleg heimekamp, og skal samtidig minnast kongen gjennom ei markering i forkant av kampen.
Alle som hadde kjøpt billett til kampen har fått informasjon på mail. Ta kontakt med martin.salbu@sogndalfk-damer.no om du ikkje får nytta billetten, og ønskjer refusjon.
Me håpar mange framleis har lyst til å kome på kamp, og skal gjere vårt beste for at det blir ei god oppleving!