Takk for innsatsen, Vårin Ness!
Vårin Ness i sigeren mot KFUM i år! Foto: Martin Salbu
Veteranen Vårin Ness takkar for seg i Sogndal FK Damer etter 4 sesongar i klubben. Ho melder overgang til FC Oslo (Gamle Oslo), og skal vere med å kjempe om opprykk frå 4. divisjon i Oslo!
Vårin kom heim til Sogndal halvvegs i 2023-sesongen, og har vore ein erfaren bidragsytar gjennom dei siste 3 åra. Med sin rutine frå spel i både USA, Italia og på høgare nivå i Norge har ho vore ein viktig ressurs i ei ung og uerfaren spelargruppe. Erfaringa hennar har vore verdifull for ein klubb i utvikling, både på treningsfeltet og i kamp. Ho var også ein del av Kaupanger gjennom mange sesongar, og har hatt god kjenskap til klubben gjennom mange år.
Det siste halvåret har Vårin jobba i Oslo, noko som har gjort at ho ikkje har fått bidrege like mykje som før. Konkurransen i troppen er også større enn nokon gong, og vegen til speletid har difor blitt lenger. Totalen av dette har no gjort at ho melder overgang til FC Oslo på overgangsvindauget sin siste dag.
Me ønskjer å takke Vårin for innsatsen i svart og kvitt, og ønskjer masse lukke til i Oslo!
Tusen takk for innsatsen, Vårin! Foto: Martin Salbu