Intervju: Klare for bortekamp mot Rosenborg 2!
Jentene er på plass i Trondheim, og ladar opp til morgongdagens kamp mot Rosenborg 2. Det blir ein tøff kamp mot eit godt lag, men jentene er klare. På Fosshaugadn vart det eit tungt 6-3-tap i ein rotete kamp, men i morgon har me planar om å revansjere den. Kvar kamp blir heilt avgjerande i jakta på 2. plassen, og det er difor ekstra mykje som står på spel denne hausten!
Kaptein Julie Slattum Pettersen gler seg til kamp i morgon, og fortel om ei spelargruppe som er klare for ein tøff kamp! Jentene skal gi alt, og håpar på god støtte frå tribuna!
Hovudtrenar Magne Elde er klar for ein ny kamp etter fri førre helg, og fortel om status på spelartroppen. Det blir ein tøff kamp, men jentene skal vere klare!
Me håpar å sjå nokre av våre fantastiske supportarar på bortefeltet i morgon, og veit at det kjem ein gjeng heilt til Trondheim! For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!