Tap mot Rosenborg 2

Rosenborg 2 vart for sterke i dag. Foto: Martin Salbu

Det vart ein ny tøff dag på jobben for jentene i Trondheim. Rosenborg 2 var det beste laget og det enda 3-0 på Koteng Arena.

Allereie frå start var det heimelaget som tok initiativet, og det meste av banespelet føregjekk på vår eigen halvdel. Sjølv om Rosenborg 2 hadde mest ball gjorde ein jobben i struktur og slapp ikkje til dei heilt store sjansane. Ein sleit med å etablere eige spel, og det vart med nokre forsøk på kontringar som heimelaget handterte på ein god måte. Like før pause kom diverre leiarmålet, og det stod 1-0 til pause.

Då måtte ein ut å jage etter pause, og omgangen starta på verst tenkeleg måte. Berre 3 minutt ut i andreomgang dobla heimelaget til 2-0, og oppgåva vart endå tøffare. Jentene klarte allikevel å heve seg litt utover, og med 15 minutt igjen pressa dei på for scoring. Innbyttarane kom inn med god energi og klarte å skape litt trøkk mot Rosenborg sitt mål. Diverre gjorde også dette at det opna seg større rom bakover, og 5 minutt før slutt kom dagens 3. scoring i mot til 3-0.

I dag var rett og slett Rosenborg 2 betre enn oss, og me kom aldri opp på det nivået me veit me kan ha. Det er ingen tvil om at dei er eit solid lag, og då må me vere på vårt beste for å ta poeng. På tribuna var det derimot ingen tvil: Bortesupportarane leverte til terningkast 6, nok ein gong! Tusen takk til alle som tok turen til Trondheim i dag!

Bortesupportane leverte også i Trondheim! Foto: Martin Salbu

Martin Salbu