Kveldskamp mot Aalesund 2 på Fosshaugadn!

Det gjenstår berre 5 seriekampar av årets sesong, og det er vidope i kampen om kvalifiseringsspel. Me er med å kjempar i toppen i sluttfasen av sesongen, og i morgon ventar ein ny viktig kamp! Me tek i mot Aalesund 2 under flomlysa på Fosshaugadn!

Aalesund 2 ligg på 8. plass med 21 poeng før runde 18. Det betyr at dei har fått ei god luke ned til nedrykkskampen, medan det er omtrent same avstand oppover på tabellen. Som dei fleste andrelag består AaFK2 av mange unge spelarar, og prestasjonane kan variere mykje gjennom sesongen. Me er førebudde på god motstand, og må vere klare for ein tøff kamp.

I førre kamp mot Aalesund 2 vart det ein flott siger på Color Line. Julie Slattum Pettersen var i storform dagen før nasjonaldagen, og scora 3 mål. Nathalie Høgi og Eli Sofie Seim Skjølberg fastsette resultatet til 1-5 i ein kamp der AaFK2 fekk raudt kort tidleg i fyrsteomgang. Me tok med oss 3 poeng heim frå Ålesund, og då var det berre å finne fram flagget og nyte 17. mai-feiringa.

Festfotball på fotballen sin eigen nasjonaldag! Foto: Martin Salbu

Det er ikkje ofte me spelar kveldskampar, men i morgon blir det ei flott ramme under flomlysa på Fosshaugadn. Me håpar å sjå mange på tribuna som bidreg til ei flott ramme rundt kampen! Det er lite som skiljer i kampen om kvalifiseringa, og då treng me verkeleg støtta frå våre trufaste supportarar. Kom på kamp!

Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Ein kan også kjøpe seg supportareffektar! Sjekk ut utvalet i nettbutikken vår her! Velkommen!

For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!

Martin Salbu