Ekstremt viktig siger mot AaFK 2!
Julie Slattum Pettersen vart matchvinnar! Foto: Martin Salbu
Det vart ein nervepirrande, tett og spennande kamp frå start til slutt mot Aalesund 2 i dag! Jentene kjempa seg tilbake etter eit tidleg baklengsmål, og avgjorde kampen i andreomgang.
Me fekk ein dårleg start på kampen då bortelaget tok leiinga etter berre 5 minutt. Dei fyrste minutta var prega av to lag med mykje energi, og det vart difor ein hektisk start. Utover omgangen spelte jentene seg meir og meir inn i det, og etter 22 minutt kom utlikninga. Nathalie Høgi spelte flott igjennom mot Julie Slattum Pettersen. Kapteinen vår har slitt litt framføre mål i det siste, men i dag var ho iskald når ho drog seg forbi keeper og satte inn 1-1!
I perioden etter scoringa var jentene verkeleg påskrudd og køyrde på for ei ny scoring. Etter 29 minutt spelt låg ballen i nettet igjen, og denne gong var det Luna Svedal Flo som var på rett plass. Andrea Sælid Njøs drog seg fint forbi til høgre og la inn. Keeper fekk fingrane på ballen, men den landa i beina på Flo som satte inn 2-1 på sikkert vis! Det var også stillinga til pause.
Luna Svedal Flo sendte oss i leiinga før pause! Foto: Martin Salbu
Etter pause fekk ein nok ein gong scoring i mot kort tid etter avspark. Aalesund 2 utlikna til 2-2 etter berre 48 minutt spelt, og ein var igjen like langt. Då er det godt å ha toppscoraren i 2. divisjon, for etter 58 minutt var Julie Slattum Pettersen igjennom igjen! Mari Hov Heggestad vann ballen etter eit utspark for bortelaget, og sendte den direkte i bakrom mot kapteinen. Julie gjorde ingen feil og avgjorde kampen til 3-2!
Det vart mykje nerver og spenning heilt til sluttsignalet gjekk, og AaFK 2 fekk nokre store sjansar utover omgangen. I motsett ende var det også nok av sjansar til å punktere lenge før slutt, men istaden vart det tett og jamnt heilt inn. Heldigvis drog jentene sigeren i land, og me kunne juble for 3 ekstremt viktige poeng!
Dette sa hovudtrenar Magne Elde etter kampslutt:
Tusen takk til alle som kom på kamp i dag! No ventar ein ny tøff bortekamp mot Malvik på søndag. Det gjenstår 4 “cupfinalar” ut sesongen, og me er med å kjempar om 2. plassen som gir kvalifisering!