Ny tur til Trondheim!

Me håpar på meir jubel mot Malvik i morgon! Foto: Martin Salbu

Jentene har satt seg på bussen igjen, i det som blir ein veldig lik tur som for 14 dagar sidan. Me skal møte Malvik på Koteng Arena, søndag kl. 12:00! Det blir ein ny tett og tøff kamp om poeng, men me har med oss ei god kjensle frå sigeren mot Aalesund 2!

Malvik kjempar for å halde seg i divisjonen etter opprykket frå 3. divisjon i fjor. Etter 18 serierundar står dei med 17 poeng, og ligg under streken på ein 11. plass. Det er veldig tett også i botn, og med siger kan dei potensielt ta eit byks oppover på tabellen. Malvik har vore i god form i det siste, og har vunne 2 av dei 3 siste i serien. Tapet kom mot Sarpsborg 08, medan dei slo Amazon Grimstad og Tiller i tøffe bortekampar.

I førre kamp mot Malvik vart det eit målrikt oppgjer. Kampen enda til slutt 5-5 etter scoringar av Andrea Sælid Njøs x2, Luna Svedal Flo x2 og Eli Sofie Seim Skjølberg. Me slapp fyrst inn etter berre eitt minutt, før kampen vart snudd til 4-1. Malvik snudde deretter kampen til 4-5 like før slutt, og på overtid redda Skjølberg det eine poenget. Ein skikkeleg kaoskamp, og me fekk kjenne på kor målfarlege Malvik kan vere. Spissen Linnea Myrbekk scora alle 5 måla, og har totalt scora 15 mål i år. Det er berre eitt færre enn vår eigen Julie Slattum Pettersen, som forøvrig ikkje var med i heimekampen. I tillegg har Hanna Toldnes-Nøstberg scora 13 mål, og Malvik har dermed den mest målfarlege duoen i divisjonen.

Me har med oss ei god kjensle frå sigeren mot Aalesund 2 på måndag. Det blir viktig å bygge vidare på det positive frå den kampen inn mot avslutninga av sesongen. Jentene er klare, og skal gi alt mot Malvik i morgon!

For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!

Martin Salbu