3 deilige poeng mot Malvik!

Jentene kunne juble på Koteng i dag! Foto: Martin Salbu

Jentene leverte i ein viktig bortekamp, og me tek med oss 3 deilige poeng heimover mot Sogndal. Ein sterk defensiv lagprestasjon og to flotte scoringar sikra ein viktig siger!

Les kampfakta her!

Den fyrste omgangen var tett og jamn, og det vart mange tøffe duellar på midtbana. Bakover stod forsvarstrioen godt i mot, og keeper Ingeborg Romstad Osland leverte ein flott debut frå start. Omtrent midtvegs i omgangen leverte ho ein klasseredning på stillinga 0-0. Julie Slattum Pettersen var farleg frampå ved fleire høve, men vart stoppa av nokre gode redningar. På slutten av omgangen kom også Anna Palm til ein enorm sjanse, men igjen var Malvik sin keeper i det vanskelege hjørnet. Det stod 0-0 til pause, men jentene hadde vore nærast.

Etter pause var ein igjen solide defensivt, og Malvik sleit med å skape problem for oss. Etter 60 minutt kom scoringa, og det var Amalie Ervik Røys som sendte oss i føringa. Julie Slattum Pettersen pressa keeper som kom utanfor 16-meteren for å klarere. Ballen enda i beina på Røys, som på lekkert vis løfta ballen over keeper og i mål til 0-1!

Amalie Ervik Røys sendte oss i føringa mot Malvik! Foto: Martin Salbu

Berre 7 minutt seinare kom spikaren i kista, og denne gong var det Julie Slattum Pettersen som var sist på ballen. Vilde Tufte Mardal kom seg ned til dødlinja og fekk slått eit godt innlegg. På bakerste stolpe dukka kapteinen opp og sprang ballen i mål til 0-2! Ut kampen hadde jentene god kontroll og sikra inn ein viktig siger!

2-0 frå toppscorar Julie Slattum Pettersen! Foto: Martin Salbu

Dette var ein god prestasjon frå laget, og spesielt defensivt i bana var det ein solid gjennomført kamp. Grunna karantene, skade og sjukdom måtte me gjere litt endringar på laget, men nok ein gong viste jentene at konkurransen i troppen er stor, og at me har ein jamn og god tropp. Ingeborg Osland spelte sin fyrste kamp frå start for klubben etter lang tids skade og Maria Erland starta sin fyrste kamp i 2. divisjon. Saman med både Eli Sofie Seim Skjølberg og Natalie Neraas Teigen leverte dei ein flott kamp!

Hovudtrenar Magne Elde var meget nøgd med eit viktig resultat, og rosar jentene for måten dei handterte kampen. Høyr kva han sa etter kampen her:

No er me på veg heimover med 3 poeng i bagasjen, og gler oss til ny kamp på heimebane. Brann 2 kjem på besøk til Fosshaugadn søndag 4. oktober kl. 13:00. Tusen takk til fantastiske bortesupportarar som tok turen til Koteng Arena i dag! Me håpar å sjå mange av dykk i neste kamp også!

Martin Salbu