Heimekamp mot Brann 2!
Det er klart for ny heimekamp, og me tek i mot Brann 2 på Fosshaugadn. Kampen har fått nytt kamptidspunkt, og har avspark kl. 14:00 på søndag! Me gler oss til ein ny spennande kamp om viktige poeng!
Brann 2 er eit lag som har skapt problem for dei fleste laga i avdelinga, og består av mange gode spelarar. Som dei fleste andrelag kan det variere mykje, men toppnivået er høgt. Utanom to tap mot Sarpsborg er dei ubesigra mot både KIL/Hemne, Sandefjord og Rosenborg 2 på øvre halvdel av tabellen.
Me møtte Brann 2 i årets fyrste seriekamp, og det enda med ein skikkeleg slitesiger i Bergen. Etter både 1-0 og 2-1 i mot, klarte jentene å snu kampen til 2-3 berre 5 minutt før slutt. Leikangerduoen Vilde Tufte Mardal og Andrea Sælid Njøs x2 scora i snuoperasjonen, og me tok med oss viktige poeng heim til Sogndal. Me forventar ein like tøff kamp på søndag, og håpar på god støtte frå tribuna!
Kampsponsor på søndag er Norways Best! Me har fått oppleve mange fantastiske opplevingar saman med dei gjennom reiser og aktivitetar, og seinast i sommar fekk me prøve oss på rafting. Som ein av dei leiiande reiselivsaktørane i landet gjer dei ein viktig jobb med å fronte regionen, og me set stor pris på at dei er med oss på laget! Sjekk berre ut den nydelege videoen under!
- Som reiselivsaktør lever Norway's best av å selje opplevingar. Det gjer også Sogndal FK Damer. Eit anna fellestrekk er at me begge er veldig opptekne og avhengige av å spele på lag med lokalsamfunnet. Norway's best ynskjer å vere ein bidragsytar til utviklinga av Sogneregionen. Difor set me stor pris på samarbeidet vårt med Sogndal FK Damer.
Det gjenstår 3 serierundar av årets sesong, og det tettar seg skikkeleg til i både topp og botn. Me kjempar om 2. plassen som gir opprykkskvalifisering, men både KIL/Hemne og Sandefjord følgjer like bak. I neste runde skal me i tillegg spele bortekamp mot nettopp KIL/Hemne, og dei neste rundane kan difor bli heilt avgjerande. Kom på kamp og støtt jentene i den spennande innspurten!
Tabellen i 2. divisjon avd. 1 etter 19 serierundar. Skjermdump frå fotball.no
Saka blir oppdatert med intervju dagen før kamp.
Billettar til kampen får ein kjøpt i døra. Det kostar 100kr for vaksen, 50kr for student/VGS og alle under 16 år kjem inn gratis! Me har mykje godt å by på i kiosken, og det blir loddsal med flotte premiar! Ein kan også kjøpe seg supportareffektar! Sjekk ut utvalet i nettbutikken vår her! Velkommen!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med! Kom på kamp!